Denne insta-kontoen avslører kjendispastoranes rådyre stil

LUKSUS UNDER LUPEN: Trend-sneakers, designervesker og krokodillebelter til titusenvis av kroner. Er det greit å tene seg rik på å forkynne evangeliet – og å kle seg i overdådige plagg for pengane? Det lurer Ben Kirby på.

Preachers N Sneakers , Kirby
Instagram-kontoen Preachers N Sneakers er ikkje nådig med andelege leiarar. Her får «The Gaffa Prophet» og Samantha Evans høyre det for å ha på seg dyre plagg.
Publisert Sist oppdatert

– Kor mykje er for mykje? Er det ok å bli rik på å preike om Jesus?

Desse spørsmåla sat amerikanaren Ben Kirby igjen med etter å ha sett på lovsangsvideoar på YouTube. Ein sundag morgon for to år sidan la han merke til at lovsangsleiaren i Elevation Worship hadde på seg «Yeezy»-joggesko. Veldig trendy – og veldig dyre. Då fekk han ein idé.

På Instagram-profilen Preachers N Sneakers analyserer han garderoben til amerikanske pastor-profilar, og driv gjøn med både prislappen og estetikken. I eit intervju med Washington Post avslørte 31-åringen bak kontoen nyleg identiteten sin. Til avisa fortel han at det som ein spøk med rare plagg til skyhøge summar, etterkvart fekk ei slags aktivistisk meining.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP