Ber kyrkjene ta klimakrisa inn i gudstenesta: – Trua vår krev handling
SKAPARVERKET: Kampen for klimaet er ein nødvendig kristen kamp, meiner biskopane i Den norske kyrkja. No oppmodar dei til å vise miljøsaka i døypefonten, nattverden og på preikestolen.
SAKRAMENT: I sitt nye hefte vil biskopane gi kyrkjene frimod til å knytte eit miljøengasjement til trua og gudstenesta – for eksempel i nattverden. Nidaros-biskop Herborg Finnset deler ut nattverdvin til preses Olav Fykse Tveit.
Erlend Berge
«Kampen for klimarettferdighet er en del av det oppdraget Jesus Kristus kaller oss til».
Eit samla bispekollegium stiller seg bak denne bodskapen, som er henta frå deira nye hefte Guds skaperverk – vårt hjem. Her går dei igjennom elleve ledd i gudstenesta, frå inngangsordet til velsigninga, og knyt dei til «vårt kristne kall» til handling for naturen.
Bispemøtet håpar å gi frimod til medarbeidarane uti kyrkjene. Både i forkynninga og sakramenta kan ein peike på kvifor kristne har eit ansvar for klimahandling, meiner dei.
Bestill abonnement her
KJØP