Religion

Trass gudstenester «i stua»: Færre besøkte kyrkja i 2020

DEN NORSKE KYRKJA: I løpet av koronaåret har færre medlemmer vore innom Den norske kyrkja – inkludert digitale besøk. Gravferder og kulturarrangement fell mest.

82 prosent av medlemmene i Den norske kyrkja besøkte ei kyrkje i løpet av koronaåret – anten fysisk eller digitalt.

Det er ein nedgang på fem prosent frå året før. I 2019 besøkte 87 prosent kyrkja.

– Det kunne vore grunn til å frykte eit langt større fall i dette talet, i og med at kyrkjer har vore fysisk stengde i periodar gjennom 2020, og vore underlagt talsbegrensningar mykje av resten av året, uttaler leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, i ei pressemelding.

Å gjennomføre gudstenester og arrangement digitalt kan ha bremsa nedgangen i DNK-besøk.

– Fantastisk innsats

Den norske kyrkja har no lagt fram resultata frå si årlege undersøking blant medlemmer. Kyrkjerådsleiaren hadde forventa eit større fall i besøkstala, særleg med tanke på at bryllup og gravferder har måtta ha færre folk store deler av 2020.

Omtrent halvparten av dei spurde medlemmene besøkte kyrkja mellom to og fem gonger i løpet av 2020.

– Takka vere ei fantastisk innsats frå dei tilsette i kyrkja og frivillige over heile landet har ein kunna møte kyrkjemedlemer både fysisk og gjennom digitale møtepunkt og sendingar, seier Raaum.

Kristin Gunleiksrud Raaum, leder av Kirkerådet i Den norske kirke

Det er spesielt gravferder og kulturarrangement som har den største nedgangen. Likevel ser ikkje kyrkjerådsleiaren så mørkt på undersøkinga:

– Det er godt å sjå at dei aller fleste tala har halde seg stabile gjennom annleisåret 2020, seier Raaum.

Gravplassar og gravferder er plassane flest har besøkt det siste året.

Slik står det til med trua på Gud blant medlemmene:

Stabile haldningar

Samanlikna med 2019, er det få eller ingen endringar i kor mange som ville døpt barnet sitt, konfirmert seg eller gifta seg i kyrkja.

Kyrkjerådet ville finne ut om kyrkjas endra tilbud – for eksempel digitalt – har endra instillinga eller haldninga til DNKs medlemmer på noko vis. Undersøkinga viser at:

– Det ser det i liten grad ut til at det har, så langt, seier Raaum.

---

Medlemsundersøkinga i DNK

  • Blir gjennomført annankvart år – i fjor forkorta på grunn av korona. Laga av Opinion for Den norske kyrkja (DNK).
  • Undersøkinga kartlegger deltaking på kyrkjelege handlingar, og haldningar til DNK.
  • I 2020 såg ein mellom anna at:
        • 2 av 3 i Norge er medlemmer av DNK.
        • 80 prosent ville døpt barnet sitt i kyrkja.
        • 80 prosent ønsker seg ei kyrkjeleg gravferd.
        • 82 prosent har besøkt DNK fysisk eller digitalt.
        • 66 prosent ville konfirmert seg i kyrkja.
        • 60 prosent ville gifta seg i kyrkja.

---

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Mer fra: Religion