Religion

Regjeringa med klargjering: Lov å gjennomføre digitale gudstenester

NEDSTENGING: Fleire kyrkjelydar har stilt spørsmål om å få møtast for å strøyme gudstenester digitalt. – Ja, det er lov, presiserer barne- og familieministeren overfor Vårt Land.

– Me er inne i ein veldig krevjande situasjon, med tøffe restriksjonar. Det har aldri vore meininga at det skulle ramme dei digitale arrangementa på toppen av desse, fortel barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til Vårt Land laurdag kveld.

Han har registrert at fleire har stilt spørsmål ved morgondagens digitale gudstenestar. Det er forbod mot arrangement i dei ti kommunane som er råka av streng nedstenging.

Kan ein liten gjeng samlast for å produsere sending likevel?

Svaret er klart: Ja.

Færrast mogleg til stades

– Ein må sjølvsagt begrense talet på deltakarar, men dette har Oslo praktisert på ein fin måte allereie, seier Ropstad.

Der har ein kunna lage digitale arrangement med maksimalt fem personar til stades, i tillegg til naudsynleg produksjonspersonell. Arrangøren må sørge for minst éin meter avstand mellom alle.

– Me må prøve å begrense talet på nærkontaktar. Samtidig veit me at desse gudstenestane har blitt sett stor pris på det siste året, seier barne- og familieministeren.

Ropstad presiserer at dette også gjeld intimkonsertar og mindre strøyma arrangement.

– Du kan sjølvsagt ikkje ha eit kor på 20 personar. Men har du ein på piano, ein møteleiar, ein prest og produksjonspersonalet, så skal dette gå an. Å gjere dette med få personar er poenget, forklarar han.

Trondheim 20200405. 
Andreas Hilmo Grandy-Teig,
sogneprest i Nidaros domkirke med gudstjenesten i Nidarosdommen søndag. Den  ble streamet og tv-overført i tom kirke av hensyn til faren for smittespredning av koronaviruset.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Trøyst før året blir betre

Det er laurdag kveld og MGP-tid når Ropstad ringer med denne klargjeringa til Vårt Land.

– Mange sat nok ved inngangen til 2021 og tenkte at «dette året blir alt bra». Så har det vore ein krevjande start, med dette mutantviruset og innstramingar.

– Derfor er det ekstra viktig å søke trøst no. Det skulle jo helst vore det fysiske gudstenestefellesskapet, men det er mogleg å hente oppmuntring i fellesskapet digitalt òg, seier Ropstad.

---

Smittesituasjonen i Oslo-regionen

  • Eit ukontrollert utbrot av det muterte viruset i Nordre Follo fører til strenge tiltak for ti kommunar.
  • Alle butikkar, med unntak av matbutikkar, apotek og bensinstasjonar, stengde klokka 12 på laurdag. Det gjeld også Vinmonopolet.
  • Dei ti råka kommunane er Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås.
  • Statsminister Erna Solberg opplyser laurdag at ho ikkje utelukkar tiltak i fleire kommunar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion