Kong Olav såg evangeliet som den berande krafta i nasjonen

30 ÅR SIDAN OLAVS DØD: Kong Olavs kristne tru var med på å rotfeste han i gjerninga for folk og fedreland. Kyrkja spela ei nøkkelrolle i livet hans.

Religion

På Slottsplassen i Oslo strøymer folket til. Gradvis fyllest plassen med lys, blomster og barneteikningar. Kong Olav er død. Landet er i sorg.

Det er tretti år sidan no. Kong Olav var Folkekongen, etter tusenårsskiftet kåra til «århundrets nordmann» i ei avstemming på NRK. Han var den første i kongefamilien som kom heim til Noreg etter andre verdskrigen. Han treivst i militæruniform, men stod ikkje fram som spesielt militant. Olav var kongen med den lyse stemmen og den smittande latteren. Fyren som drog på seg anorakken og tok T-banen ut i marka for å gå på ski. Hopptalentet. Seglarkongen med OL-gull.

Og vi elska han.

Så utløyste også kong Olavs død eit kollektivt sorgritual utan like. Underteikna kan minnast at vi fekk fri frå skulen. I kvar ei norsk bygd, i kvar by, sat det barn som sørgde over kongen som om han skulle ha vore deira eigen kjære bestefar.

Folk samler seg på Slottsplassen. Sørgende mennesker tenner lys, skriver hilsener og legger ned blomster på Slottsplassen. Kongens monogram i levende lys på Slottsplassen.

På mange vis var det nettopp dette som var kong Olavs suksess. Han batt landet tettare saman med sin veremåte og si utstrekte reiseverksemd, ved interessa, forpliktinga og kjærleiken han viste overfor det norske folket. Den dansk-engelske prinsen, fødd i sentrum av det britiske imperiet, lukkast med å bli norskare enn Ola Nordmann, vinne folkets hjarter og ta rolla som det norske sosialdemokratiets bestepappa.

– Den reisa er enorm, seier kong Olav-biograf Tore Rem.

– Olav var ei smått utruleg suksesshistorie.

---

Kong Olav

  • Fødd i 1903 på godset Sandringham i Storbritannia som prins Alexander Edward Christian Frederik.
  • Følgde med foreldra, prins Carl av Danmark og prinsesse Maud av Storbritannia, til Noreg då han var to og eit halvt år gammal. I Noreg blei prins Carl krona til kong Haakon VII, og kronprinsen fekk namnet Olav.
  • Tok over som Noregs konge då kong Haakon døydde i 1957.
  • Døydde 17. januar 1991 som ein umåteleg populær monark.

---

Einsam arving

Rem kom i fjor haust kom ut med det første av tre band i biografien Olav V. Han peikar på at Noreg handla stikk i strid med konjunkturane i Europa og resten av verda då vi i 1905 valde oss eit kongehus og «importerte» tre menneske med tilhøyrande britisk stormaktsgaranti.

– Det var også sårbart, for det fanst berre éin arving. Heilt frå kongefamilien kom til landet, blei Olav omtalt som «Noregs framtid». Dette hadde han kvilande på skuldrene sine heilt frå starten av. Det var han som representerte kontinuiteten for den statsforma Noreg hadde vald, seier Rem.

Prins Carl, prinsesse Maud og prins Alexander på sistnevntes dåpsdag,
11. august 1903.

Det blei ei lang modningstid for arvingen. Kong Haakon VII, Olavs far, skulle regjere i 52 år. Då kong Haakon døydde den 21. september 1957, var sonen allereie enkemann. Kronprinsesse Märtha hadde døydd av ei leverliding tre år tidlegare. I henne mista Olav – som gjennom store delar av livet kjente på einsemd – både sin livsledsager og sin nærmaste rådgivar.

Rem antyder at desse tapsopplevingane får Olav til å formulere den kristne trua si meir aktivt. Det same var tilfelle då han mista mor si, dronning Maud, i 1938.

­– Olav veks opp med foreldre som går i kyrkja, men det tar nokså lang tid før han blir tatt med. Eg ser ikkje teikn til at han hadde eit aktivt kyrkjeliv før seinare. Men ved desse viktige personlege opplevingane søker han mot trua og artikulerer denne, ikkje minst i sorga over Märtha.

Kronprins Olav og kronpinsesse Märtha på Villa Victoria med hunden Ponto, Bygdøy, 1930.

Rem peikar på at kronprinsesse Märtha også hadde ei kristen tru og etter alt å dømme var med på å styrke mannen sin i trua. I tillegg blir den kristne trua djupare hos han under andre verdskrigen.

– Trua blei ein stadig viktigare del av kven Olav var.

Ønskte Guds signing over kongegjerninga

Når Olav tek over som konge eit drygt tiår etter krigen, ønskjer han å bli signa i Nidarosdomen, nett som kong Haakon hadde blitt det eit halvt hundreår tidlegare. Den gongen, i 1906, blei den snart tre år gamle kronprins Olav – som ikkje sjølv fekk vere til stades i Nidarosdomen – bedt spesielt for av Kristiania-biskop Anton Christian Bang. 52 år seinare er det viktig for kong Olav å be om Guds signing på nytt.

Biskop Arne Fjellbu signar kong Olav i Nidarosdomen.

– Eg synest det er naturleg at Kongen ber om forbønn for gjerninga si, seier kong Olav til biskop Sigurd Lunde i boka Kongen på kirkevei.

Einar Gerhardsens regjering syntest ikkje det var like naturleg. Regjeringa hadde ønskt seg ein mindre seremoni, ikkje den omfattande kyrkjelege signinga som kongen sjølv gjekk i bresjen for.

– Det blei ein solid dragkamp mellom Olav og regjeringa. Saman med biskop Arne Fjellbu i Nidaros fekk Olav det slik han ville, med eit stort oppbod både frå regjeringa og Stortinget. Det blei samtidig ein maktdemonstrasjon frå kyrkja si side, overfor Arbeidarpartiet, seier Rem, som trekkjer ein parallell til kong Haralds motstand mot å fjerne paragrafen om kongen si tru i grunnlova, at han må vedkjenne seg «den evangelisk-lutherske Religion».

– Der står kong Harald på linja til far sin. Det tolkar eg som ein arv.

Eg synest det er naturleg at Kongen ber om forbønn for gjerninga si.

—  Kong Olav

Den norske kyrkja hadde i utgangspunktet høg sjølvtillit etter andre verdskrigen, og denne sjølvtilliten blei ikkje mindre av at kong Olav valde som han gjorde. Signinga blei starten på kong Olavs liv som overhovud for Den norske kyrkja, ei rolle han var svært medviten om.

– Dei siste tiåra av livet var han svært tydeleg på den kristne trua gjennom å representere. Han brukar mykje tid på å gå i kyrkja og blir etter kvart omtalt som «Noregs mest trufaste kyrkjegjengar», seier Rem.

– Dersom nokon skulle krevje eigarskap til kong Olav, ville det sjølvsagt vere folket, men det ville også vere idretten, forsvaret og kyrkja. På desse tre felta hadde kong Olav mykje av identiteten sin, og brukte mykje av si tid.

Besøkte frikyrkjer og misjonsmarka

Den nemnde boka Kongen på kirkevei teiknar eit tydeleg bilete av kor aktiv kongen var i kyrkjelege samanhengar. Om alle gjekk like ofte i kyrkja som kong Olav, ville alle norske kyrkjer vere fullsette kvar søndag, uttrykker tidlegare biskop Fredrik Grønningsæter i boka.

Redaktøren for boka, Torbjørn Greipsland, orienterer Vårt Land om at han fekk bokideen då han las i bladet til Sjømannskirken, Bud og Hilsen, om kong Olavs omfattande kyrkjeaktivitet på reise i USA. Ein dag hadde kongen først vore til gudsteneste i sjømannskyrkja i New Orleans før han deltok på gudsteneste i sjømannskyrkja i San Pedro same kvelden. Ei amerikansk tryggleiksvakt hadde lurt på om kong Olav i realiteten var to kongar, der den eine sov mens den andre var på farta.

Kong Olav legg ned grunnstein til ny sjømannskyrkje i den amerikanske byen Houston.

Kongen på kirkevei får fram det omfattande kongelege reiseprogrammet, med kyrkjebesøk over heile landet og i norske sjømannskyrkjer i utlandet. Kong Olav seier at han personleg likar best det han kallar for «akademiske gudstenester», og stiller nok slikt sett i kategorien «høgkyrkjeleg», samtidig som han uttrykker respekt for lågkyrkjelege samanhengar. Kongen deltek blant anna på jubileum hos pinserørsla og frikyrkja.

– Det har alltid stått for meg som at frikyrkjene og Frelsesarmeen representerer ein praktisk kristendom på ein utmerka måte. Eg har inntrykk av at dei ikkje er særleg dømmesjuke, heller, dei er først og fremst ute etter å frelse syndarar, ikkje å fordømme dei, seier kong Olav blant anna.

Han besøker også Misjonssambandet på misjonsmarka i Etiopia. Der uttrykker kongen glede og takksemd over å få møte så mange landsmenn som har følgd kallet til å bringe «åndeleg og lekamleg hjelp til andre». Kong Olav opnar Den norske skulen i Addis Abeba og legg ned grunnsteinen til Sidamo Distriktshospital.

– Fordi eg veit kva desse bygningane står for, trur eg at arbeidet også i framtida vil bli velsigna av vår Far i himmelen, seier kongen i ein av talane sine.

Oppmoda til bøn og venta på Jesu atterkome

Kong Olavs kristne tru skin tydeleg igjennom i måten han gir uttrykk for livssynet sitt på i samtale med biskop Sigurd Lunde. Ein stad seier han om det kristne evangeliet at det ikkje treng noka reform, sjølv om bibelteksten skulle få ny språkdrakt. Og han avslører at han ventar på Jesu atterkome:

– Det er jo det vi skal vente på! Ikkje sant?

Biskop Lunde konkluderer med at den kristne trua for kong Olav synest å vere «ei kraft i livet og eit lys på vegen», noko han «ganske enkelt reknar med og er takknemleg for».

Kong Olav var ein flittig kyrkjegjengar. Her er kongefamilien samla til gudsteneste i Oslo domkirke under kong Olavs 25-årsjubileum som regent. F. v: Kong Olav, kronprinsesse Sonja, prins Haakon, prinsesse Märtha Louise og kronprins Harald.

Biograf Tore Rem trekkjer fram eit forord som kong Olav skreiv i Lær oss å be! Bønnebok for Norge i 1989, mot slutten av livet, som eit anna slåande døme på korleis kong Olav uttrykte trua si. Her ønsker kongen å styrke den «målretta bønerørsla» i landet. Det er kyrkja og dei truande si oppgåve å føre den tusenårige kristne tradisjonen i Noreg vidare, skriv kong Olav. Og han omtaler det kristne evangeliet som «den berande krafta i nasjonen vår».

– Dette er sterkt, kommenterer Rem.

Det er kirkens og de troendes oppgave å føre denne [kristne] tradisjonen videre og bevare evangeliet som den bærende kraft i vår nasjon.

—  Kong Olav

Irene Wenaas Holte var generalsekretær i KFUK-KFUM då bøneboka kom ut, og står oppført blant støttespelarane for bokutgivinga.

– Eg tenker at det var modig gjort av kong Olav å skrive det han gjorde, seier Wenaas Holte.

– Det sekulære presset mot kyrkja og dei truande var til stades på slutten av 1980-talet. At ein konge då står fram med ei enkel og barnleg tru, var kjempeviktig. Trua var ikkje naiv, ho var ekte.

Kongens tydelege tale blei ein stor styrke for bøneboka, og betydde mykje for mange, trur ho.

– Mange som kanskje var ein smule bekymra over utviklinga i samfunnet, blei rolegare. Kongen stod fram som eit fyrtårn. Når eg tenker tilbake på kong Olav, tenker eg på eit «heilt» menneske som stod for det han meinte og trudde på, seier Wenaas Holte.

Kongen stod fram som eit fyrtårn.

—  Irene Wenaas Holte

– Kong Olavs tru blei sterkare med åra

Tore Rem trur ikkje det er så mange i dag som hugsar at kong Olav uttalte seg så tydeleg om trua si i det offentlege. Som person var kongen svært privat, også blant familie og vener. Når Rem til dømes har forhøyrt seg i seglarmiljøet som kongen var ein del av, kan dei ikkje hugse at den kristne trua blei tematisert på noko tidspunkt. I eit intervju Lars Roar Langslet gjorde med henne i etterkant av Olavs død, sa dronning Margrethe av Danmark at Olavs tru «gjekk svært langsamt opp» for henne. Ho meinte han var blant dei tilbakehaldne eldre menneska som ikkje stilte ut slikt.

– Kong Olav sørga også for å brenne mykje privat korrespondanse. Det betyr at ein del potensielle kjelder til formuleringar av hans eiga tru, er borte, seier Rem.

Kong Olavs kristne tru, iallfall det vi kan vite om henne, synest likevel å ha blitt sterkare og sterkare med åra.

– Den offentlege delen av trua hans vaks gjennom kongegjerninga. Det er ingen tvil om at han er prega av ei genuin kristen tru, seier Rem.

Kongen var samtidig tolerant. «Når dei berre trur på Treeininga, får dei få lov å ordne alt det andre kvar på sin måte», sa han ein gong i eit intervju med nemnte Langslet.

Pave Johannes Paul II blei i 1989 den første paven i historia som besøkte Noreg. Paven møtte kong Olav på Slottet i Oslo.

Kjell Magne Bondevik blei finta ut av kongen

Kong Olav har blant anna delteke i den kyrkjelege liturgien som tekstlesar. At han tok rolla som overhovud for Den norske kyrkja på alvor, kan også tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik fortelje om. Som fersk kyrkjeminister på byrjinga av 1980-talet fekk han elddåpen sin – eventuelt ein kalddusj – hos Kongen i statsråd.

– Eg fekk ei bratt læringskurve når det gjaldt kong Olavs interesse for kyrkjelege spørsmål. Eg hadde blitt sett inn i formalitetane og framførte ei sak om deling av eit prestegjeld i Lørenskog. Vanlegvis passerte sakene raskt hos Kongen i statsråd, men jammen byrja ikkje kong Olav å spørje meg ut. Eg hadde ikkje skjønt at eg måtte lære leksa mi, og måtte innrømme at eg ikkje kunne svare han, fortel ein lattermild Bondevik.

Regjeringen Willoch II (Samarbeidsregjeringen) i statsråd på Slottet. 
F.v. Reidun Brusletten, Finn Isaksen, Mona Røkke, Rolf Presthus, Leif Arne Heløe, Arne Rettedal, Kjell Magne Bondevik, Kåre Kristiansen, statsminister Kåre Willoch, kong Olav, kronprins Harald, Svenn Stray, Johan J. Jakobsen, Asbjørn Haugstvedt, Astrid Gjertsen, Lars Roar Langslet, Thor Listau, Anders C. Sjaastad, Rakel Surlien, Jan P. Syse og Dag Berggrav.

Han rodde seg rett nok i land i slutten av møtet, etter å ha bladd febrilsk i papira sine undervegs.

– Då kunne eg seie: Dykkar Majestet, no trur eg at eg kan svare på Kongens spørsmål. Og då var han fornøgd, nikka og smilte.

Bondevik minnest elles kor ivrig kong Olav var til å reise rundt på kyrkjejubileum over heile landet.

– Årsaka var nok ei kryssande interesse for kyrkja, geografi, lokalsamfunn og historie. Eg fekk klar beskjed i departementet om at «når Kongen drar, er også statsråden nøydd til å dra». Eg og kona mi var difor flittig med på kyrkjejubileum som kong Olav ønskte å delta på. Det gjekk ein del helger bort på den måten, men det var sjølvsagt svært hyggeleg, fortel Bondevik.

Ifølgje Bondevik kom kong Olavs kristne tru klart fram gjennom talane han heldt rundt ikring på dei ulike kyrkjejubilea. Han hugsar spesielt eit av dei første offisielle oppdraga han var med på som statsråd, vigslinga av Ole Nordhaug til biskop i Møre bispedømme.

– Kong Olav heldt ein tale i lunsjen i Molde rådhus der den kristne trua hans skein igjennom, slik ho også gjorde ved andre slike talar. Eg var aldri i tvil om at han var ein truande mann, seier Bondevik.

Eg var aldri i tvil om at han var ein truande mann.

—  Kjell Magne Bondevik

– Kor stor betyding har det hatt for Den norske kyrkja og for nasjonen at kong Olav var så aktivt med i kyrkjelivet og hadde ei kristen tru sjølv?

– Det har hatt ei uvurderleg betyding. Det kong Olav sa, blei lagt merke til, ikkje minst ute i dei ulike lokalsamfunna. Når han uttalte seg så positivt om kyrkja og kristendommen som han gjorde, hadde det stor betyding for mange, meiner Bondevik.

Viktig rolle under krigen

Tore Rem peikar også på rolla Olav hadde under og etter andre verdskrigen som eit viktig aspekt ved livet hans. Krigen er tema for band nummer to av kong Olav-biografen, som Rem arbeider med no.

– Kong Olav blei eit slags sentrum i minnekulturen om krigen. Dette er essensielt for virket hans, både for å trygge statusen til monarkiet og sikre det som institusjon, men også for å forstå kva han var og kva han representerte.

Då 9. april 1940 kom, var Olav klar. Han hadde militær utdanning og hadde ønskt seg ei større rolle.

– Han går inn i modus når krigen kjem. Han er virkelysten. Kong Haakon må halde han att frå å dra til fronten i Nord-Noreg, fordi det er altfor risikofylt, fortel Rem.

I eksil i England, dit Olav blir med motvillig, brukar han mykje av tida si på militærinspeksjonar. Han reiser også rundt i USA og taler Noregs sak. Det siste krigsåret blir han gjort til forsvarssjef i Noreg. Det var ein uvanleg konstruksjon som blei sett som symbolsk viktig for å sameine dei ulike fraksjonane av heimefronten, i tillegg til at kong Haakon såg det som ei førebuing til kongegjerninga for son sin.

Rem poengterer at det gjennomgåande trekket ved Olav under krigen er at han står ved kong Haakons side. Dei spring saman inn i skogen i Nybergsund. Dei står saman under bjørka i Molde.

Tydkland overfall og okkuperte Noreg 9. april 1940. Kongen og den norske regjeringa flyktar nordover. Biletet av kong Haakon og kronprins Olav under flukta, ved bjørketrea utanfor Molde, gjekk verda rundt. Dei søker dekning under eit flyangrep på byen.

– Det biletet blei sendt verda rundt, blant dei allierte nasjonane. Der står Olav ved sin fars side. Det er den viktigaste forteljinga om han, saman med at han etter krigen blir eit viktig vitne. Dette ber han med seg gjennom heile etterkrigstida. Når krigen er over, er kronprins Olav den første frå kongefamilien som kjem heim til Noreg, allereie den 13. mai. Og når kong Haakon døyr i 1957, er det Olav som forvaltar forteljinga om krigen. Kong Olav blir eit symbol på den norske motstanden.

– Er dette også med på å gi han den sterke posisjonen han fekk i det norske folket?

– Heilt klart.

Kronprins Olav får ein varm velkomst då han kjem tilbake til Noreg etter krigen 13. mai 1945. Han blir møtt av store folkemengder på Rådhusplassen.

Fekk ski på beina for å bli norsk

Rem meiner at kong Olav representerte stabilitet i ein viktig tidsalder for sosialdemokratiet.

– Triumfen hans var at han klarte å kombinere det nære og det opphøgde i ein moderne sosialdemokratisk nasjon. Dette klarte han frå eit utgangspunkt som britisk prinsebarn kledd opp i dei mest aristokratiske gevantar. Han var konservativ og heldt på formene, men blei samtidig Reisekongen som viste interesse for folk over heile landet. Denne kombinasjonen fungerte optimalt.

At kong Olav enda som Folkekongen, den norskaste av dei norske, var ei reise som frå starten av også var strategisk planlagt. Den nemnte Kristiania-biskopen Anton Christian Bang sa om Olav at han skulle «tenke på norsk, føle på norsk og leve med alle røtene sine i Noreg».

Ski var eit sentralt fornorskingsmiddel. Det vesle prinsebarnet blei så å seie plassert inn i det norske monarkiet med ski på beina. Samtidig er det openbert at eiga interesse og eigeninnsats etter kvart spela ei sentral rolle. Når kong Olav langt seinare blir avbilda på T-banen (gjerne kalla for «trikken»), på veg ut i marka for å gå på ski, er biletet både eit uttrykk for faktisk skiinteresse og samtidig eit bilete på kva vi som folk ønskte å projisere på kongen.

– Kong Olav var også Skikongen, seier Rem.

Kronprins Olav hoppar Holmenkollen i 1923.

Etter kvart som Olav vaks opp, blei han både ein dyktig skihoppar som hoppa i Holmenkollen, og ein seglar av verdsklasse. Det er som seglar vi hugsar han best. Seglinga følgde han gjennom livet. Han blei hemmeleg forlova med Märtha under OL i Amsterdam, der han vann OL-gull i seksmetersklassen med båten Norna. Dobbelt gullgut det året, kunne ein kanskje seie.

– For å nyansere glansbiletet litt, trefte han ikkje perfekt då sonen, dåverande kronprins Harald, måtte vente så mange år på å forlove seg med Sonja. Der kan ein med etterpåklokskap seie at konservatismen blei for stor. Men kritikken gjekk fort over etter bryllaupet, seier Rem.

Han kallar kong Olav, som var fødd i 1903, ein «seinviktorianar som enda opp i oljealderen». Bortsett frå kritikken mot det borgarlege ekteskapet til sonen, klarte han i stor grad å manøvrere gjennom dei ulike tidene på ein god måte. Sjølv blei han etter kvart så populær at han i praksis var heva over kritikk.

Kyrkja ramma inn livet til kongen

Då kong Olav døydde den 17. januar 1991, var det altså ein ekstremt populær monark som gjekk bort. Det utløyste, som vi byrja denne artikkelen med, ein kollektiv sorgprosess av dimensjonar.

– Kong Olav representerte fellesverdiane i nasjonen. Han døydde samtidig som Golfkrigen starta, og eg trur mange opplevde dødsfallet som slutten av ein trygg epoke. Kanskje var angsten krigen utløyste med på å forsterke den kollektive sorga, seier Rem.

Kyrkja skulle ramme inn kong Olavs liv. Etter lyshavet framfor Slottsplassen, og to veker med kollektiv sorg, blei Noregs avdøde konge gravlagt frå Oslo domkirke den 30. januar 1991.

Kong Olav Vs gravferd den 30. januar 1991. Biskop Andreas Aarflot forretta under gravferdsseremonien i Oslo domkirke.

Det var dåverande biskop Andreas Aarflot som forretta gravferda. Han hadde vore biskop i Oslo i tolv år, og hadde i denne perioden hatt mange møtepunkt med kong Olav.

– Under heile livsverket hans låg eit grunnfjell av ekte gudstru, sa Aarflot i gravferda.

– Han minner oss om verdien av å ha ævas kvelving over livet vårt og tryggleiken i trua som forankring i liv og død.

Aarflot er i dag 92 år gammal og framleis ved god helse.

– Det var naturlegvis eit stort og utfordrande oppdrag å skulle vere nasjonens talerør når ein folkekjær konge var borte, fortel Aarflot til Vårt Land.

Han gir honnør til dei andre som la til rette for gravferda i Oslo domkirke, ikkje minst dåverande domprost Leif Petter Ottersen. For han sjølv var det viktig å markere at også ein konge, som medlem av Den norske kyrkja, var omfatta av kyrkjas gjennomarbeidde gravferdsliturgi. Det var likevel spesielt for han å arbeide med gravferdstalen. «Nådens regnbogebru» blei den sentrale metaforen, saman med ordet frå profeten Mika om kva Gud ser på som godt – å «gjere det som er rett, vise trufast kjærleik og vandre audmjukt med sin Gud».

– Dette syntest eg kong Olav hadde representert, seier Aarflot.

Biskop Andreas Aarflot talte om den kristne nåden i gravferda, og korleis kong Olav hadde vandra audmjukt med sin Gud. Kong Harald ved båra.

Feira nattverd med kong Olav før hans død

Aarflot trekker fram korleis kongen heile vegen planla livet sitt med blikk for kyrkja, dei omfattande kyrkjebesøka hans og deltakinga i nattverden.

– Det å knytte seg til ein gudstenestetradisjon, der ein går til kyrkja på søndagen, er eit eksempel han sette for folket.

– Snakka du nokon gong med kong Olav om trua hans?

– Ja, det gjorde eg også. Han var open og lett å samtale med. Han hadde god innsikt i kva som var det sentrale i den kristne trua og var medviten om at han var det formelle overhovudet i Den norske kyrkja. Det var ikkje så ofte vi fekk fortrulege samtalar, men eg opplevde den store interessa hans både for kyrkja sitt liv og for barnebarna si religiøse utvikling. Det gjorde inntrykk på meg.

Sterkt var det også då kong Olav før sin død sat på Bygdø kongsgard utan å kunne gå i kyrkja som normalt. Aarflot spurte Slottet om kongen kunne tenke seg å få nattverden der han var, og det ville han.

– I nattverdsstunda med kong Olav på Bygdø kongsgard samtalte vi, og eg fekk formidle evangeliet og gåva i sakramentet på ein god måte, fortel Aarflot.

Tretti år etter kong Olavs død kan vi altså minnast ein konge som var rotfesta i den kristne trua, som såg evangeliet som den berande krafta i nasjonen vår, og som lét kyrkja spele ei nøkkelrolle i kongegjerninga si.

Og han er framleis elska av folket, slik vi minnest han med glede tretti år etter hans bortgang. Det meiner også biograf Tore Rem:

– Kong Olav står framleis sterkt, sjølv når biletet av han med tida blir nyansert. Han blir hugsa og elska som den populære monarken han var.

Kong Olav elska å segle. For tretti år sidan la han ut på sin siste seglas. Vi minnest han med glede.
Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion