Religion

Arbeidsgivar opplever seg feil framstilt i kyrkjestreiken: – Nødvendig å vise tilbodet offentleg

FORHANDLINGSBROT: Då arbeidsgivar KA kom med eit forslag til løysing utanom riksmeklarens bord, vekte det reaksjonar hos motparten. – Biletet av løysingsvilja vår har vore feil, meiner KA.

– Ja, me reknar det som uvanleg. Men slik bildet i media har blitt, og fagforeiningane har framstilt oss, såg me det som nødvendig å klargjere standpunktet vårt på denne måten, seier avdelingsdirektør Ingrid B. Tenfjord i KA, om kvifor dei for ei veke sidan kom prestane i møte – utanfor riksmeklarens kontor.

Arbeidsgivarorganisasjonen tilbakeviser at dei har drive «forhandlingar i media», slik fagforeiningssida har kalla det.

– Snarare har KA valt å gå ut offentleg med eit forslag, og fagforeininga fekk det oversendt i forkant. Riktignok kort tid i forkant, men i forkant, seier Tenfjord.

Etterkvart som streiken og konflikten utvikla seg, syntest KA at det var nødvendig å ta grep om det dei meiner har blitt eit feilaktig inntrykk i offentlegheita. Då dei skulle rette det opp inntrykket, måtte det derfor bli synleg også for dei som ikkje sit ved forhandlingsbordet i meklingane.

– Det me har lagt fram, er ei klargjering av posisjonen vår. Så langt har det blitt gitt eit feil bilete av intensjonen og løysingsvilja vår, seier Tenfjord.

---

Dette er kyrkjestreiken

  • Natt til 12. desember braut forhandlinga mellom arbeidstakarorganisasjonene og arbeidsgivarforeininga KA, og utløyste streik blant tilsette i kyrkja.
  • 10 av 22 fagforeiningar valde å bryte forhandlingane i hovedtariffoppgjeret i oktober.
  • Hovudkravet frå fagforeiningane er å få kompensasjonssummen på om lag 60.000 kroner, som prestar har fått etter bortfallet av buplikt, inn i hovudtariffavtalen og som ein del av løna.
  • Nye samtalar hos riksmeklaren er beramma til sundag 10. januar.

---

Ville diskutert fleire løysingar

KA ønsker å korrigere korleis dei ser på lønssystemet til dei tilsette i kyrkja. For eksempel har arbeidsgivar aldri meint at prestar som har seks års utdanning skal tjene mindre enn fellesrådstilsette med mastergrad, presiserer Tenfjord.

– Me har heile tida ønskt eitt heilskapleg lønssystem, som både er rekrutterande og rettferdig, og har villa snakke ordentleg med fagforeiningane om korleis me best får til det, seier ho.

Kravet frå arbeidstakarane, om at prestar sin bupliktkompensasjon må bli ein del av løna, er eitt av fleire element som kunne vore del av diskusjonen om eit «godt felles lønssystem». Likevel påpeiker KA at:

– Me har ønskt å sjå på fleire slike element som kan bidra til formålet, og vil vere sikre på at dei systema me lagar gir det sluttresultatet me ønsker: Eit godt og rettferdig lønssystem som er rekrutterande.

Tenfjord fortel at arbeidsgivar har to intensjonar med tilbodet dei no har gitt:

– Me har dels lytta til våre motpartar, som har vore klare på at dette normallønsnivået må bli etablert for prestar – og dels er dette eit uttrykk for vårt ønske om å få løyst streiken.

– No legg me fram eit heilskapleg forslag, som møter fagforeiningane på det dei seier er grunnlaget for streiken. Slik håpar me å kome fram til ei einigheit, seier ho.

– Eitt steg nærmare å forstå kvarandre

Måndag blei streiken blant dei kyrkjeleg tilsette trappa opp. No er 58 i streik frå dei ulike fagforeiningane. Men på grunn av dei nye retningslinjene, kan det bli mindre aktivitet:

– Streiken held fram, men me tar sjølvsagt omsyn til dei nye smitteverntiltaka. Det vil nødvendigvis prege markeringane, og om dei kan gjennomførast, i tida som kjem, seier Kristian Mollestad, som forhandlar på vegne av arbeidstakarane.

Heller ikkje fagforeiningssida kjenner seg igjen i korleis motparten har framstilt krava deira:

– Me har aldri kravd å vidareføre ein gammal avtale. Hadde partane vore nærmare kvarandre, hadde me ikkje vore i eit brot, slik som no. Men når KA etterkvart har sagt at lønn er ein del av grunnlaget for rekruttering, er me eitt steg nærmare å forstå kvarandre, seier Mollestad.

Begge partane i konflikten seier dei er klare til å møte igjen hos riksmeklaren så snart det blir kalla inn.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion