Religion

Partane i prestestreiken er ueinige om verkelegheita. Her er det du må vite

KONFLIKT: Partane står langt frå kvarandre, og er ueinige om grunnlaget for streiken. Her er kvifor forhandlingane braut, og kva som skjer vidare.

Prestar, diakonar, kyrkjepedagogar og musikarar er blant dei tilsette i kyrkja som streikar for det dei fryktar kan bli ei nedgang i løn hos nye prestar.

Natt til laurdag blei 21 tatt ut i streik frå Borg og Oslo bispedømme. Meklinga braut mellom fagforeininga Unio KA (paraplyorganisasjonen for arbeidstakarane) og arbeidsgivar KA (Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon).

Komande laurdag får dei truleg 19 nye med seg, frå Presteforeningen, Teologene, Creo og Kufo, då også frå Nidaros bispedømme.

Kva står på spel?

På spørsmål om å trekke fram den viktigaste tingen dei opplever denne konflikten handlar om, svarar partane slik:

Fagforeiningane (Unio KA): – Løna for dei framtidige prestane som ikkje har begynt i stillingane sine enno. Me er uroa for kva konsekvensane av ei mykje lågare løn kan føre til, seier forhandlingsleiar for Unio KA, Kristian Mollestad frå Presteforeningen.

Arbeidsgivar (KA): – Fagforeiningane har kommunisert at dei ønsker ei heving av garantilønssatsane i hovudtariffavtalens for prestar, med 40.000 til 65.000 kroner, avhengig av stillingskategori. Dette ønsker ikkje me, blant anna fordi det innskrenker arbeidsgivar sitt handlingsrom ved framtidige tilsetjingar, seier Ingrid B. Tenfjord, direktør i arbeidsgivaravdelinga i KA.

Ingrid B. Tenfjord

Kvifor streikar dei?

Dei to partane er ueinige om korleis grunnlaget for konflikten blir framstilt frå den andre sida.

Bakgrunnen kort forklart:

  • Etter september 2021 vil ikkje arbeidsgivar forlenge ein avtale som sikrar nye tilsette ein kompensasjon i løn på 40.000 til 65.000 kroner. Denne blei innført då ordninga om prestebustad blei avskaffa i 2015, og skulle vege opp for den låge leigeprisen ein slik bustad hadde som fordel.
  • Fagforeininga meiner denne kompensasjonssummen må bli ein del av lønsnivået til prestar, og vil ha den inn i hovudtariffavtalen. Viss ikkje hevdar dei at «garantiløna» for nye prestar blir lågare enn for dei som er i jobb og fortsatt får denne kompensasjonen. Arbeidsgivar avviser at dei vil setje prestar ned i løn. Dei kontrar med å seie at dei i framtida snarare vil bruke løn som ein måte å bøte på rekrutteringsutfordringane i kyrkja på.
  • Når denne bustad-kompensasjonen forsvinn (opptil 65.000 kroner) kan den samla løna gjere at nye prestar havnar på lågare lønstrinn enn kollegane sine. Fagforeiningane ønskar å fjerne høvet til dette, og vil sikre at summen som låg i bustad-avtalen blir festa i hovudtariffavtalen til prestane.
  • Arbeidsgivar KA seier dei ikkje er ute etter å senke lønsavgjerdene i hovudtariffavtalen. Dei som fram til no har fått kompensasjon, held på denne så lenge dei står i stillinga si.
  • Her er arbeidstakarane uroa, og fryktar at prestar som bytar stilling risikerer å gå ned i løn om denne avtalte kompensasjonen berre høyrer til deira noverande stilling.

Kor langt står partane frå kvarandre?

Begge partane stadfestar at avstanden er stor:

Arbeidsgivar: – Me står langt nok frå kvarandre til at fagforeiningane valde å bryte meklinga. Ordskiftet som har pågått i dagene etter, understreker at begge partar har ansvar for å finne ei løysing, seier Ingrid B. Tenfjord, direktør i arbeidsgivaravdelinga i KA.

Fagforeining: – Me står lenger frå kvarandre enn eg trudde, og har iallfall ikkje kome næmare etter streiken starta. Etter mitt syn, ligg ballen hos KA no, seier Kristian Mollestad, som representerer Unio KA.

Kva skjer vidare?

  • Vårt Land får opplyst at Riksmeklaren kjem til å ringe til begge partane mot slutten av veka. Då skal ho sjekke om det er grunn til å ta forhandlingane opp igjen før jul.
  • Laurdag blir truleg ytterlegare 19 personar tatt ut i streik.
  • Fagforeiningane vurderer løpande om dei skal trappe opp streiken. Då blir arbeidsgivar og Riksmeklaren varsla fire dagar før.
  • Dersom dei partane ikkje har sett seg ned før, må dei til tvungen mekling hos Riksmeklaren 11. januar. Etter lova skal dette skje 30 dagar etter brotet i forhandlingane (12. desember).

Kor lenge kan streiken vare?

– Det er umogleg å seie no kor lenge streiken kan kome til å pågå, seier Unio KA-representant Mollestad.

Sjølv om partane står langt frå kvarandre, har arbeidstakar-forhandlaren håp.

– Avstanden betyr ikkje at me ikkje kjem til å finne saman likevel, seier Mollestad.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion