Religion

Vil fortsette å spørje om prestars samlivsform i Stavanger

DEN NORSKE KYRKJA: Leiaren si dobbelstemme sikra fleirtal – imot innstillinga om å skrote praksisen. Stavanger bispedømme vil fortsatt kunne hente inn, og vektlegge, opplysningar om samlivsform når dei tilsett prestar.

Fem stemmer for, fem stemmer imot.

Den omstridde setninga «Opplysninger om samlivsform vil kunne bli innhentet og vektlagt ved tilsetting» var foreslått fjerna frå stillingsutlysingar i Stavanger bispedømme.

Men med dobbelstemma si sikra leiar Liv Heidrun Heskestad fleirtalet på seks stemmer, som gjorde at forslaget blei nedstemt. Dermed består praksisen kor prestar kan bli bedne om å legge fram opplysningar om samlivsforma si når dei søker på ei stilling.

Sterke følelsar – på begge sider

– Eg skulle ønske at me kunne kome fram til eit kompromiss her. Men i dette kyrkjelandskapet skal me ivareta ein heilskap, seier bispedømmerådsleiar Liv Heidrun Heskestad i ei pressemelding.

Denne heilskapen handlar om det ho vidare kallar å ta «menighetars sjølvstende på alvor når det gjeld å ha eit heilt vanleg teologisk standpunkt i Den norske kyrkja». I eit bispedømme med ulike teologiske syn på samliv, meiner ho dette er den strategisk beste avgjerda.

Leiaren understreker at dette er ei vanskeleg sak, og at det var sterke følelsar i sving på begge sider av bordet. Ho veit at dette vedtaket vil opprøre mange.

– Men det at me ønsker å kunne tillegge samlivsform vekt for å finne den riktige presten til riktig kyrkjelyd, betyr ikkje at ikkje alle er velkomne til å søke prestestilling i Stavanger bispedømme. Vedtaket inneber på ingen måte yrkesforbod for nokon, men er eit høve for bispedømmerådet til å gjere kloke val som tilsetjingsorgan, seier Heskestad.

---

Samlivsform i utlysingar

  • Seksuell orientering er i likestillings- og diskrimineringslova lista som éin av fleire ting arbeidsgivar ikkje kan hente opplysningar om i tilsetjinga.
  • Unntaket er «hvis opplysningene har avgjørende betydning for utøvelsen av arbeidet».
  • Det har vore praksis i fleire bispedømme med setninga «Opplysninger om samlivsform vil kunne bli innhentet og vektlagt ved tilsetting» i stillingsutlysingar. No er ho fjerna i alle bispedømme, bortsett frå Møre og Stavanger.
  • Omtrent 54 prosent av Kyrkjemøtet meiner Den norske kyrkja ikkje kan stille krav til dei tilsette si samlivsform ved tilsetjingar, ifølgje ei undersøking Vårt Land gjennomførte i fjor.

---

Skuffa nestleiar: – Frykt for å vere seg sjølv

Nestleiar i bispedømmerådet Thor Magne Seland er svært skuffa over vedtaket, kjem det fram i pressemeldinga. Han viser til LHBT-rapporten som nyleg blei utført på oppdrag frå Kyrkjerådet: 20 prosent av dei som svara på undersøkinga vel å ikkje vere åpen om legninga si på jobb.

– Det viser at det finst ei frykt for å vere seg sjølv som tilsett i Den norske kyrkja. Dette vedtaket vil ikkje hjelpe med å fjerne den frykta, seier han.

– Dette handlar om folk. No blir det ikkje lettare å få større mangfald i søknadane til prestestillingar i Stavanger bispedømme, seier han.

Berre to bispedømme held fram

Praksisen har vore diskutert, og oppe til behandling, i fleire bispedømme den siste tida. Seinast i november, då Bjørgvin bispedømme valde bort denne ordninga. I september gjorde Agder og Telemark det same.

Men samtidig valde Møre bispedømmeråd å halde fram med høvet til å spør om samlivsform. No er Stavanger og Møre dei einaste i Norge kor praksisen består.

Då Kyrkjemøtet i 2017 vedtok liturgi for vigsel av likekjønna par, slo Den norske kyrkja fast å ha to ulike syn på korvidt likekjønna samliv er i samsvar med kyrkjas lære.

Til tysdagens møte i Stavanger bispedømmeråd heitte det i sakspapira:

«Spørsmålet i denne saken er om formuleringen i utlysningsteksten kan eller bør videreføres i en situasjon der det i Den norske kirke nå foreligger to ulike syn på om homofil samlivsform er i samsvar med kirkens lære».

Forslaget om å fjerne formuleringa blei altså stemt ned.

Samlivssyn eller arbeidsrett?

Saka ble innleia av Therese Egebakken frå Nominasjonskomiteens liste og Helene Breivik Hellerdal frå Åpen folkekirke. Ifølgje bispedømmerådet viste dei største forskjellane seg i synet på om saka skulle bli behandla som ei sak for eller imot likekjønna samliv – eller som ei sak om arbeidsrett og arbeidsgivars ansvar.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Sara Jacobsen Høgestøl

Sara Jacobsen Høgestøl

Sara Jacobsen Høgestøl er journalist i Vårt Lands kulturavdeling.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion