Religion

Vi treng å vente på noko godt

Det er vondt å leve i den utrygge ventinga, på at det blir verre før det blir betre. Denne adventa må vi tenne alle lysa vi har.

For nokre veker sidan braut eg saman i gråt framfor Stjernekamp på NRK. Knut Marius Djupvik, som til slutt stod att som vinnar av konkurransen, hadde vald seg den gamle Melodi Grand Prix-låten «Love Shine a Light». Fram frå denne gamle poprockhiten til Katrina and the Waves steig brått ein bodskap for vår pandemiske tid: «And we're all gonna shine a light together / All shine a light to light the way.»

Vi må tenne lys. Vi må tenne dei saman. Vi må saman finne vegen ut av mørket.

LES MEIR: Hvorfor tenner vi lys når det er advent?

Ansvar for kvarandre

I gamle dagar ville eg tenkt at bodskapen, og songen, var sentimental. Slik er det ikkje lenger. Eg er blitt småbarnsfar. Eg er mottakeleg for å setje enkle ord på dei sterkaste kjenslene.

Og ei av dei sterkaste kjenslene mine dei seinaste månadene er at vi må stå opp imot mørket. Ikkje berre som ein kamp på nevane mot koronaviruset, utført av kvar og ein oss. Også det. Men mot ein usynleg fiende nyttar det ikkje med uppercut.

Det som vil definere oss som menneske, som nasjonar, som globalt fellesskap framover, er om vi klarer å stå saman. Om vi klarer å løfte blikket og tenke på heilskapen. Ingen er trygge før alle er trygge. Vi har ansvaret ikkje berre for oss sjølve, men for vår neste. «We're all gonna shine a light together.»

LES MEIR: – Avstand er det stikk motsatte av hva vi trenger nå, sier Henrik Syse

Annleis ventetid

Adventstid er ventetid. Denne adventa er ei annleis ventetid enn andre adventer dei fleste av oss har opplevd. Her i Noreg må vi tilbake til andre verdskrigen for å finne ein situasjon som har prega ei heilt lands venting i det utrygge før jul.

I adventa ventar vi på det gode. Vi ventar på å opne nye luker i adventskalenderen. Vi ventar på luciatog og julegløgg, tenning av julegrana, varme fellesskap med slekt og vener.

Denne adventa heng den andre ventinga over oss. Ventinga i det utrygge. Kva skjer vidare? Blir det verre? Blir det betre? Blir det verre før det blir betre?

LES MEIR: Får vi synge i kyrkjene før jul?

Venting i uvisse

I skrivande stund er kyrkjene stengd både i hovudstaden og somme andre stader. Dei som er opne, kan ikkje ta imot meir enn femti. Når du les dette, kan situasjon allereie vere annleis. Vi ventar i uvisse. Vi veit ikkje kva som vil komme.

Heldigvis ventar vi også på vaksinar. Lovande resultat frå fleire aktørar ber gledeleg bod om betre tider. Det gjer godt. Men vi veit ikkje når mange nok av oss får vaksinane. Vi veit ikkje heilt når vi kan begynne å leve som normalt.

Det er vondt å leve i den utrygge ventinga, på at det blir verre før det blir betre. Vi menneske treng å vente på noko godt. For meg er det viktigare enn nokon gong å hente fram det sentrale håpet som adventa ber med seg. I adventa ventar vi på Jesu komme. Vi ventar på at det gode skal skje. Vi ventar på eit lite barn som skal fødast og leggast i ei krybbe.

Vi ventar på at lyset skal overvinne mørket.

Gud er i lyset

I Bibelen går lyset som ein stråle frå første til siste side. Guds første replikk er talande i seg sjølv: «Bli lys!» Det er ikkje berre verda som blir skapt med denne replikken. Gud skaper håpet. Det er det første han skaper. Han visste at vi kom til å trenge det.

Gud sjølv er i lyset. Dette visste også kong David og salmistane. Gud lar seg assosiere så tett med lyset at han møter Moses gjennom elden. Når Moses har tala med Gud, lyser det så sterkt av ansiktet hans at han må ha eit slør framfor det når han stig fram for folket.

Så kanskje er det ikkje til å undrast over at englane lyser opp dei mørke Betlehemsmarkane den natta Jesus blir fødd?

Livsens lys

«Det folket som går i mørket, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram,» profeterte Jesaja, og Matteus siterer han når han skriv sitt evangelium. Matteus fortel også om den lysande stjerna som blir ståande over staden der Jesus er.

Jesus blir fødd i lys.

Det vesle Jesusbarnet skal seinare, som vaksen mann, seie om seg sjølv: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg skal ikkje vandra i mørket, men ha livsens lys.» Jesus vel altså lyset som ein sentral metafor når han skal forklare seg sjølv og sitt verke. Og han seier til dei som følgjer han, at også dei skal vere lys. Kristne har dette som eit av sine viktigaste kall: «De er lyset i verda!» Vi er kalla til å vere lys.

Ein ny start

Alle menneske treng å vente på noko godt. Vi treng å sjå fram mot lyset, anten vi assosierer det til religion eller ikkje. Det var kanskje derfor eg braut ut i gråt framfor Knut Marius Djupviks versjon av «Love Shine a Light». Vi treng lyset no. Vi treng kjærleiken. Der er vi alle i same båt. Vi treng å stå saman – om vi så må stå saman kvar for oss.

Lyset fortel oss at tilveret ikkje er utan mørke. Mange stader i verda er situasjonen verre enn vi kan førestille oss. Koronaviruset kjem på toppen av allereie store katastrofar. Men vi kan aldri gi opp håpet. Vi kan aldri gi opp kampen for ei betre verd. For at kjærleiken skal få rå. For at lyset skal få sleppe inn.

Vi treng lys. Og vi kan sjølve få vere lys. La oss ikkje gøyme lyset under ei bøtte. Eller som Victor Sotberg syng i ein av favorittsongane til dotter mi: «Det e’kke fullt så mørkt nå, når vi står her sammen lyser vi opp himmelen».

Adventa er i kyrkjeåret ein ny start. Ei ny begynning. Denne adventa må vi tenne alle lysa vi har.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion