Religion

Kan det komme 
ei koranbølge i
 skjønnlitteraturen?

Islam er blitt ein synleg faktor i den norske samfunnsdebatten. Men i romanar, dikt og noveller er muslimsk tru lite synleg. Når slår det om?

Dei seinare åra har vi sett at mange norske forfattarar brukar Bibelen som kjelde for skjønnlitterære prosjekt. Karl Ove Knausgård brukte Bibelens forteljingar om englar, og om Noa, som utgangspunkt då han skreiv En tid for alt. I fjor hadde Lars Petter Sveen med Jesus frå Nasaret som biperson i Guds barn. Mens Edvard Hoem for nokre år sidan skreiv ei bok, Kristus-figurasjonar, der Jesus frå Nasaret stod i sentrum.

Andre sentrale forfattarar som Hanne Ørstavik og Dag Solstad skriv stadig med metafysisk tilsnitt i bøkene sine, anten det er Solstad som går laus på gudsomgrepet eller Ørstavik som skildrar tru og seksualitet. Anne Oterholm og Karin Moe har nærma seg kristen tru frå kvar sine sjangrar og perspektiv. Mens Jon Fosse, som har konvertert til katolisismen, lenge har fylt bøkene sine med religiøse og mystiske tematikkar.

Bibelbølgje

Dei norske forfattarane som brukar bibelske metaforar og tematikkar i bøkene sine, spenner frå lyrikarar som Steinar Opstad og Jan Jakob Tønseth til krimforfattarar som Jo Nesbø.

Det er tydeleg at den norske skjønnlitteraturen er inne i ei bibelbølgje. Då den nye bibelomsettinga kom for fire år sidan, hadde også tolv skjønnlitterære forfattarar stått sentralt i omsettingsarbeidet.

Sterke stemmer

Derimot er det lite i skjønnlitteraturen som tyder på at islam er blitt ein del av det norske samfunnet. I land som Frankrike og Storbritannia er situasjonen ein annan, ikkje berre representert ved provokative prosjekt som Michel Houellebecqs Underkastelse. I nabolandet vårt, Danmark, har ei islam-kritisk diktsamling vore det heitaste av det heite dei seinaste par åra, og forfattaren Yahya Hassan sett på som den kanskje viktigaste stemma for sin generasjon.

Noko liknande har vi ikkje i Norge, sjølv om 21 år gamle Maria Navarro Skaranger har fått mykje velfortent ros for ­romanen Alle utlendinger har lukka gardiner, der ho skildrar eit ungt innvandrarmiljø på klingande kebabnorsk.

LES OGSÅ: Beretninger om en varslet bølge

Snakk om tid

Islam er blitt ein svært synleg faktor i den norske samfunnsdebatten, og mange nordmenn har i dag ei muslimsk tru. Difor er det overraskande at det ikkje finst fleire skjønnlitterære bøker som speglar denne samfunnsutviklinga. Truleg er det berre snakk om tid før det kjem fleire bøker der islam er ein naturleg og integrert del av handling, tematikkar eller språkbruk.

Ikkje dermed sagt at mange framtidige romanar bør handle eksplisitt om islam. Her gjeld det same for skjønnlitteratur med bibelsk inspirasjon – det er få av dei som handlar om kristendom.

Andre erfaringsrom

Når får vi ei koranbølgje i den norske samtidslitteraturen? Det verkar iallfall sannsynleg at fleire norske forfattarar i framtida vil ha muslimsk bakgrunn eller ei uttalt muslimsk tru. Det vil i sin tur kunne påverke litteraturen.

Det er ingen grunn til å tru at bøker skrivne av muslimske forfattarar vil ha dårlegare kvalitet enn bøker skrivne av kristne eller ikkje-truande forfattarar. Forpliktinga på teksten må uansett stå i høgsetet. Men andre historier kan springe ut av andre erfaringsrom.

Skjønnlitteratur skaper forståing. Ei eventuell koranbølgje i litteraturen er såleis ingen trugsel. Det ville vere sunt for nordmenn flest å lese fleire skjønnlitterære bøker som kan kaste nytt lys over muslimsk tru og levemåte.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

VL anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion