Til himmels med gangar og pols
I haust vart det feira folkemusikkgudsteneste i Ål kyrkje. Opptaket som vart gjort, er no gitt ut på plate til inspirasjon og glede.
Folkemusikkgruppa Kvarts er bland musikarane i folkemusikkgudstenesten i Ål kyrkje. Jo Asgeir Lie (nr.2 frå høgre) er komponist og musikar på plata.
Ole Johs. Brye
Det er truleg ikkje mange kyrkjelydar som har så rike folkemusikkressursar som Ål, men den musikken som dette miljøet har skapt, kan nyttast òg i mindre format.
Folkesjela. Det er mykje tale om nye former for musikk i gudstenesta i Den norske kyrkja for tida, og det vi finn på plata Til himmels med gangar og pols er kan hende det næraste ein kjem røtene i den norske folkesjela. Folkemusikken som fløymer her, er glad og open. Melodiane lokkar oss til å syngja med, ikkje minst messeleddet Gloria er som feiande pols skikkeleg medrivande.
Lur og orgel. Instrumenta som er tekne i bruk på denne plata, er eit artig orkester: bukkehorn, lur, trekkspel, fele og kyrkjeorgel. Det rare er at dei fungerer fint saman. Dette kjem godt fram både på messeledda og i dei mange innslaga med salmesong og solosong.
Bestill abonnement her
KJØP