Den kanadiske poeten og artisten har ikkje gjeve ut noko studioalbum sidan Dear Heather i 2004. Men etter å ha drive omfattande turnéverksemd dei seinare åra, han spelte blant anna på Moldejazz i 2009, har han no spelt inn ti nye songar. Og det er ein manns visdom mot slutten av eit langt liv vi får høyre, spekka med religiøs innsikt og formidla med Cohens sedvanlege ordkunst.