Glitrande Woody Allen-film om fransk nostalgi
Først tok han Manhattan. No har han teke Paris.
Owen Wilson og Marion Cotillard storspelar i Woody Allens nye romantiske komedie, Midnight in Paris. Ein glitrande og gladmelankolsk film frå den rutinerte regissøren, meiner vår meldar.
Filmweb
Han må vere ei rastlaus sjel, den gode Woody Allen. Der han før fann seg godt til rette som nevrotikar i New York, har han dei seinare åra laga film frå europeiske storbyar som London, Barcelona og no Paris. Felles for ein del av desse filmane er ei tilnærma postkortframstilling av byen, utført av ein filmskapar som anten har stor elsk for staden eller har vore kløktig til å finansiere filmen sin. (Eller kanskje begge deler?)
Slik byrjar også Midnight in Paris, med ei rekkje vakre tablå frå den franske hovudstaden slik han ser ut i dag. Snart skal vi bli med attende til det franske 1920-talet, med all si nostalgiske kraft. Og seinare i filmen dukkar også den franske førstedama Carla Bruni opp i ei lita rolle. Ikkje rart at dette var opningsfilmen i Cannes for ein månad sidan. Woody Allen kjærteiknar både det offisielle og det historisk-mytiske Frankrike.
Stor sjarm. Likevel er det nesten umogleg å ikkje la seg sjarmere av denne romantisk-humoristiske perla av ein film. Ja, Owen Wilson utstrålar nok sjarm til å gjere den bitraste kinogjengar mo i knehasane. Saman med Wilson blomstrar både Rachel McAdams og Marion Cotillard, førstnemnde som irriterande kjærast og sistnemnde som den perfekte match. Problemet med Adriana (Cotillard) er berre at ho lever i ei anna tid. Ikkje i overført tyding, heller – Adriana lever på 1920-talet, ein tidsepoke som openbarar seg for Gil (Wilson) kvar midnatt.
Bestill abonnement her
KJØP