‘Vi kunne hatt ein åtteåring no. Det har vi ikkje’
Forfattar Brit Bildøen skulle for alt i verda ikkje skrive roman om adopsjonsavslaget sitt. Likevel gjorde ho akkurat det.
Ho fekk nei til å adoptere. Det skulle ikkje bli roman. - I åra etter greidde eg ikkje å gå inn i det. Eg var for sint, seier forfattar Brit Bildøen.
Erlend Berge
– Dette er kanskje noko av det vanskelegaste eg har opplevd i livet mitt, og det skulle søren meg ikkje bli nokon roman av det, seier Brit Bildøen.
Først halvvegs uti intervjuet nemner ho det. Vi har snakka lenge om hennar nye roman, Tre vegar til havet. Eg har nettopp spurt henne om eit brev som hovudpersonen i boka får i posten. I brevet står det at ho og ektemannen er for gamle. Ekteparet får avbrote adopsjonsprosessen. Det kjølige språket i desse breva står i sterk kontrast til resten av romanen.
– Dei breva har eg og mannen min sjølv fått, seier Bildøen.
Bestill abonnement her
KJØP