Katedralar er gjorde om til vaksinesenter
VAKSINERING: Ved katedralen Lichfield i Staffordshire står hundrevis av «vaksinepilegrimar» i kø for å få den nye koronavaksinen.
Borgarar entrar katedralen i Licfhield, England for å ta imot den nye Oxford/Astra Zeneca vaksinen. Storbritannia aukar massevaksineringa medan landet er i si tredje nasjonale nedstenging.
Jacob King
Den over 800 år gamle gotiske katedralen i Staffordshire var eit yndig mål for pilegrimar i mellomalderen. No fungerer kyrkja som eit vaksinesenter. Her har hundrevis av i hovudsak eldre menneske over 80 år, stått i kø for å få injisert den nye koronavaksinen frå Oxford/Astra Zeneca.
Innsida av katedralen blir skildra som eit feltsjukehus. Fasilitetar har blitt sette opp inne i kyrkja med eigne venteområde. Det manglar ikkje på assistanse; dekanen i Lichfield seier at tilsette i kyrkja veldig gjerne skal ha ønskte å hjelpe til med massevaksineringa.
Parlamentsmedlem Michael Fabricant skildra det som det mest glamorøse vaksinesenteret i landet.
Bestill abonnement her
KJØP