Verden

Dramatisk fall i flyktningar til USA: 90 prosent færre kristne forfølgde får innpass

Sidan Trumps innpass i det kvite hus har talet på flyktningar sige dramatisk. Blant dei mest ramma er forfølgde kristne, ifølgje ny rapport.

Ein rapport frå den globale kristne humanitære organisasjonen World Relief avslører eit dramatisk fall i talet på forfølgde kristne som blir omplasserte til USA. Rapporten er utarbeidd i saman med den internasjonale religionsfridomorganisasjonen Open Doors US.

Held trenden i år seg nokolunde lik vil USA ta imot 90 prosent færre forfølgde kristne i 2020 enn i 2015. Det var meir kristne flykningar som blei ønskte velkomne til USA i 2016 enn i president Trump sine første tre år til saman.

Ulike forfølgde religiøse minoritetar har lidd av nedgangen. Blant dei mest vanskelegstilte er likevel kristne som flyktar frå land kor kristen forfølging er verst, ifølgje rapporten.

Nedgang på 90 prosent

Frå dei 50 landa kor kristne opplever størst grad av forfølging har det mellom 2015 til 2019 vore eit fall på 69 prosent av talet på omplasseringar til USA. Halvvegs ut i 2020 har berre 950 kristne blitt omplasserte frå desse landa. På same tid i 2015 var talet på 18 000, ein nedgang på 90 prosent.

Frå land kor USA historisk har ønskt kristne velkomne, som Iran, Irak og Myanmar er nedgangen endå større, høvesvis på 97, 95 og 94 prosent. «Den tragiske realiteten er at store delar av verda rett og slett ikkje er trygge for kristne. Kristne som flyktar frå forfølging treng ei trygg hamn i USA», lyder det i rapporten.

Ifølgje avisa Christianity Today har fleire enn 400 pastorar og evangelikale leiarar tidlegare uttrykt bekymring for utviklinga i eit brev til styresmaktene.

Stor forfølgingsfare

Historisk sett har USA ønskt flyktningar og forfølgde religiøse minoritetar velkomne. Sidan 1980 har meir enn 3 millionar flyktningar blitt tatt imot. Årleg har det gjennomsnittleg vore 81 000 omplasserte flyktningar til USA, sidan 1980.

I 2016 tok landet imot 97 000 menneske, kor 14 551 av dei var kristne frå land med stor forfølgingsfare. Sidan Donald Trump inntok det kvite hus i januar 2017 har måltalet på flyktningar - og det reelle talet på omplasserte flyktningar - til landet gradvis og dramatisk blitt justert ned i løpet av presidentperioden.

I 2018 blei det tatt imot færre enn 23 000 menneske. I år er øvste tal på flyktningar til landet på berre 18 000 men, delvis på grunn av pandemien, har færre enn 7600 flyktningar fått innpass.

Andre minoritetar

I rapporten blir det uttrykt bekymring for at andre land som Canada, Australia og Storbritannia skal følgje dømet til USA. FN estimerte at 1.4 millionar flyktningar i 2020 har behov for å få busetting i eit anna land. I fjoråret blei berre 4.5 prosent av desse menneska omplasserte.

Sjølv om rapporten set fokus på førfølgde kristne, skriv dei også at andre religiøse minoritetar i stor grad har blitt nekta innpass til landet. Andre religiøse minoritetar som det er dramatisk nedgang i omplasseringar av, er jødar og bahaiar frå Iran og Irak, muslimar frå Myanmar og jesidiar frå Irak. «Som kristne meiner me alle har rett til religiøs fridom og at alle religiøse minoritetar bør bli beskytta», lyder det i rapporten.

LES MEIR:

Flere kristne blir forfulgt

Kina rangerer borgere i nytt overvåkningssystem

Arrestert for å synge julesanger

---

Rapport frå World Relief og Open Doors

  • Rapporten uttrykkar bekymring for forfølgde kristne og andre religiøse minoritetar i verda.
  • Viser ei utvikling der talet på kristne forfølgde flyktningar til landet ser ut til å falle med 90 prosent frå 2015 til 2020.
  • Set også merksemd på andre flyktningar og religiøse minoritetar som ikkje lenger blir omplasserte til USA.
  • Etter Trump tiltredde som president har talet på omplasserte flyktningar til landet falt dramatisk.
  • Vanlegvis har USA sidan 1980 tatt imot rundt 85 000 flyktningar kvart år. Det talet har gradvis sige. I år er det hittil berre 7600 flyktningar som har blitt omplasserte til USA.
  • Kilde: World Relief

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Verden