Venstre vil ikkje vente på Kjerkols lovevaluering
LOVENDRINGAR: Venstre vil gjere surrogati og embryodonasjon lovleg i Norge. Det blir full biotekstrid i Stortinget få år etter at loven blei kraftig liberalisert. Regjeringspartia er rykande usamde.
IKKJE SAMDE: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) saman på ein presskonferanse i fjor sommar. Dei ser ulikt på nye liberaliseringar av bioteknologiloven.
Beate Oma Dahle
Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) har bestilt evaluering av bioteknologiloven, melde Vårt Land på tysdag. Hennar eige fagråd, Bioteknologirådet, skal gjere jobben innan mai neste år.
Det har ikkje Venstre tid til å vente på.
– Me vil ta opp saka no, seier Ane Breivik til Vårt Land. Ho er vararepresentant på Stortinget og leiar i Unge Venstre.