Varslar kamp mot diktatorpress i eksilmiljø
EKSIL-ERITREARAR: «Diktatoren ut av vår by, diktatoren ut av vårt land.» Ola Elvestuen (V) støttar eritreiske flyktningar som kjempar mot truslar og forfølging frå eksilmiljø. Ei eritreisk kvinne er bøtelagt for hatefull tale.
LOVAR STØTTE: Stortingsrepresentant og eks-statsråd Ola Elvestuen (V) talte til eit par hundre eksileritrearar i Oslo sentrum 3. september. Han lova støtte til deira kamp mot press og kontroll, utøvd av eritrearar i Norge som støttar regimet i Eritrea.
Bjørgulv K. Bjåen
Stortingsrepresentanten og eksstatsråden frå Venstre står på Jernbanetorget i Oslo. I trappene framfor Oslo S sit hundretal menn og kvinner. Alle har opphav i Eritrea.
Fotoet er frå laurdag 3. september. Det viser noko som ikkje har skjedd før. Ei stor gruppe eksileritrearar samla seg for å protestere mot presset og kontrollen som det heimlege regimet utøver. I Norge.
Det handlar om innkrevjing av to-prosentskatten frå eritrearar i Norge som blir sendt Eritrea, utestenging frå sosiale forum, rapportering av kritikk av regimet i Eritrea, hatefull tale.
Bestill abonnement her
KJØP