Utenriks

Jussprofessor: – Nei, å sende våpen til Ukraina gjev ikkje Putin grunn til å angripe Noreg

FOLKERETT: Folkerettsjurist Cecilie Hellestveit meiner Putin kan bruke norsk våpenbidrag til Ukraina som grunngjeving til å angripe Noreg. Det er ingen forskjell på å sende våpen og på å sende hjelmar, meiner jussprofessor Knut Einar Skodvin.

– Om Noreg skulle vere eit nøytralt land i konflikten, kunne vi ikkje bidrege med anna enn humanitær hjelp til sivilbefolkninga i Ukraina. Sender vi hjelmar, så har vi allereie krenka nøytralitetsgrensa, seier Knut Einar Skodvin, professor i juss ved Universitetet i Bergen.

Knut Einar Skodvin

Den norske regjeringa ville dei første dagane etter at den russiske invasjonen i Ukraina starta berre sende hjelmar og vestar for å hjelpe den ukrainske motstandskampen. Etter påtrykk frå opposisjonen snudde dei, og måndag kveld blei det klart at Noreg også sender 2000 panservernrakettar av typen M72 til dei ukrainske forsvarsstyrkane.

I eit intervju med Vårt Land åtvarar forskar og folkerettsjurist Cecilie Hellestveit om at det å sende våpen kan senke terskelen for at Russland angrip Noreg dersom konflikten skulle eskalere. Ho hevdar også at også tryggleiken Noreg har gjennom Nato-pakta kan bli svekka, dersom Russland kan bruke norske våpen i Ukraina for å hevde folkerettslege argument for å handle militært mot Noreg.

Den meininga deler ikkje Knut Einar Skodvin, som også er ekspert på folkerett. Han meiner ikkje det går noko folkerettsleg grense mellom å sende våpen og det å sende anna materiell som kan bidra til den ukrainske krigsinnsatsen. Uansett kan ikkje Noreg lenger reknast som nøytrale etter krigens folkerett, men vi er ikkje part i konflikten av den grunn. Den terskelen ligg mykje høgare, meiner han.

– Nei, å bidra med våpen og anna militært materiell til Ukraina gjer oss ikkje til ein part i konflikten, og det gjev ikkje Putin eit folkerettsleg påskot for angripe Noreg.

Rettstolking tilbake til andre verdskrig

Skodvin viser til at dette var vore den etablerte tolkinga heilt tilbake til andre verdskrig. Han viser til den såkalla lend-lease-avtala mellom USA og dei allierte som det store dømet. Gjennom denne bidrog USA med enorme mengder militært materiell til Storbritannia og Frankrike, og seinare også til Kina og Sovjetunionen, i krigen mot aksemaktene.

– Alle er einige om at dette ikkje gjorde USA til part i konflikten. Det kan finnast heilt spesielle situasjonar der det å bidra med militær materiell kan gjere nokon til part i ein konflikt, men terskelen for dette er svært høg. Vi er ikkje i nærleiken av å vere der, seier han.

Noko Skodvin er einig med Hellestveit om, er at Putin verkar å vere oppteken av å finne folkerettslege grunnar for handlingane sine, noko som også har vore tilfelle før han eskalerte den russiske aggresjonen i Ukraina førre veke. Men han meiner dette har lite å bety for realpolitikken.

– Dei folkerettslege argumenta til Putin er reine fikenblad. Det er ikkje noko substans under.

Betyr ingenting for Nato-garantien

Skodvin deler heller ikkje bekymringa om at Noreg set Nato-samarbeidet i spel gjennom å bidra med våpen til Ukraina. Hellestveit meiner at artikkel 5 i pakta, som utløyser assistanse frå alle landa i Nato dersom eitt land blir angripe, i utgangspunktet har som føresetnad at landet som blir angripe ikkje sjølv har valt å vere del av konflikten.

Ho hevdar med det at dersom Putin kan bruke norske våpenbidrag til Ukraina som argument for at Noreg er medkrigførande på ukrainsk side, så vil ikkje eit angrep frå Russland mot Noreg nødvendigvis utløyse assistanse frå andre Nato-land.

Men Skodvin meiner at det ikkje er slik Nato-samarbeidet fungerer.

– Artikkel 5 gjev medlemslanda ei ramme for å kunne bidra. Pakta er med vilje veldig rund i formuleringane rundt dette, og seier heller ikkje noko om kor mykje landa skal bidra med, eller med kva. Men det er ikkje formuleringa i pakta som er avgjerande. Dette er eit politisk spørsmål, meir han.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Utenriks