Nyheter

Folkerettsekspert: – Å sende våpen til Ukraina set Noreg i fare

UKRAINA: Norske våpen til Ukraina kan koste Noreg dyrt dersom konflikten ekskalerer, åtvarar folkerettsekspert Cecilie Hellestveit.

– Folk trur at det er einigheit i verda om at Putin har brote folkeretten. Det stemmer ikkje.

Det hevdar den profilerte folkerettsjuristen og forskaren Cecilie Hellestveit til Vårt Land. Ho peikar på at Tryggingsrådet i FN i førre veke handsama eit utkast til resolusjon som fordømde den russiske invasjonen, og at Russland som venta la ned veto mot dette.

Tryggingsrådet er det einaste organet i FN-systemet som kan fatte bindande vedtak som tek stilling til om krigføring er lovleg etter folkeretten eller ikkje. Ettersom Russland er eitt av dei fem landa i rådet som har vetorett, så er Tryggingsrådet i praksis sett heilt ut av spel i denne konflikten, seier Hellestveit.

– I Noreg trur ein at heile verda er samd om at Putin har brote folkeretten, men utanfor Europa så ser ein ikkje nødvendigvis slik på det. Russland har mange samarbeidspartnarar rundt om i verda som har valt å ikkje ta stilling.

Ho viser til at også tryggingsrådsmedlemmene Kina, India og Dei arabiske emirata avstod frå å røyste mot resolusjonsframlegget om fordøming. Ho meiner mange av dei som har uttala seg i debatten i Noreg blandar saman brot med FN-pakta – noko ein kvar invasjon av eit anna suverent land i utgangspunktet er – og brot på folkeretten, som er eit rettssystem med eigne og spesifikke reglar.

– Når Tryggingsrådet er sett ut av spel, så er det opp til kvart enkelt land å ta stilling til om Russland har utøva ulovleg aggresjon i Ukraina eller ikkje, seier Hellestveit.

Noreg er ikkje beskytta av Brussel

Hellestveit, som har doktorgrad i krigens folkerett, meiner Noreg kan sette seg sjølv i fare når det no er bestemt at vi skal sende 2000 panservåpen av typen M72 til den ukrainske hæren.

Statsminister Jonas Gahr Støre argumenterte måndag kveld med at Noreg med dette legg seg på same linje som nære allierte og dei øvrige nordiske landa. Men Cecilie Hellestveit meiner på si side at det er skilnad på Noreg og vår skandinaviske naboar.

– Noreg er ikkje medlemmer av EU, så vi kan ikkje rekne med det same vernet frå Brussel som Sverige og Danmark kan, seier ho.

Ho viser til at når Noreg bidreg med våpen og ammunisjon til Ukraina, så kan vi bli rekna som medkrigførande (co-belligerent) i Ukraina, og det kan gje Putin eit folkerettsleg argument for å også angripe Noreg militært.

Basane til den russiske nordflåten, som utgjer hovuddelen Russland sitt sjøforsvar mot Atlanterhavet, ligg berre få mil frå den norske grensa på Kolahalvøya. Hellestveit åtvarar om at ei vidare eskalering av konflikten kan føre til at det er i Putin sine strategiske interesser å ta kontroll over delar av Nord-Noreg for å verne desse flåtebasane.

– Når Noreg bidreg med våpen til Ukraina, så senkar det terskelen for Russland for å bryte norsk suverenitet, seier Hellestveit.

Soldater fra 2. bataljon under deres instrumenterte trening på Rena. Her med panservernvåpen av typen M72 som Norge nå skal sende til Ukraina. Foto: Anette Ask / Forsvaret / NTB

---

Våpeneksport

Innan reglane for eksport av våpen og militært materiell, skil ein vanlegvis mellom tre kategoriar:

  • A-materiell er våpen og ammunisjon, og viser typar militært materiell som kan brukast strategisk for å i vesentleg grad påverke det militære styrkeforholdet i området
  • B-materiell omfattar alt av forsvarsrelaterte varer som ikkje har eigenskapar eller bruksområde som definerast inn under A-materiell
  • Fleirbruksvarer er varer eller teknologi som er utvikla for sivile formål, men som også kan ha militære bruksområde

---

Nato ingen garanti

Når Tryggingsrådet er sett ut av spel, så er det dei etablerte reglane for krigens folkerett som gjeld, seier Hellestveit. Her kan Putin til dømes vise til reglane for land sin nøytralitet i krig, som blei slått fast allereie i Haag-konvensjon i 1907. Spørsmålet er om Noreg gjennom å bidra med krigsmateriell til den eine parten av konflikten aktivt tek del del i krigen.


Om Russland kan argumentere med at Noreg sjølv aktivt har valt å ta del i konflikt mot Russland, så kan dei bruke dette som eit argument over for sine allierte for at dei er i sin fulle rett til å svare med militære operasjonar mot Noreg, etter reglane i krigens folkerett.

Dette er reglar Putin og folka rundt han i Kreml kjenner til fingerspissane, understrekar Hellestveit. Putin er sjølv utdanna folkerettsjurist, og er mykje meir oppteken av å manøvrere innanfor reglane i krigens folkerett enn det mange trur, meiner ho.

I ytste konsekvens kan ei for aktiv deltaking i Ukraina også sette Nato-vernet i spel, meiner Hellestveit. Artikkel 5 i Nato-pakta, som sikrar medlem i alliansen bistand frå dei andre medlemmene dersom dei blir angripne, vil ikkje nødvendigvis gjelde når eit medlem sjølv aktivt vel å ta del i krigføringa først.

– Meiner du at dersom vi sender panserrakettar og ammunisjon til Ukraina, så kan vi sette artikkel 5 i spel?

– Nei, så lenge vi legg oss i det nedre sjiktet for kva type materiell vi bidreg med, så er det neppe nok til at det set forsvarsgarantien i spel. Men det er ikkje lenger slik at Noreg har ein særleg posisjon for vern i Nato, slik vi hadde under den kalde krigen. Korleis artikkel 5 skal tolkast er eit ope spørsmål, seier Hellestveit

Ho meiner likevel at Noreg for å vere på den sikre sida heller burde skalere opp kor mykje vi bidreg med av til dømes sanitetsutstyr og tryggingsmateriell, i staden for å sende våpen og ammunisjon, i det som er ein uoversiktleg og uavklart situasjon.

– Det er ingen forunnt å vite kva Kreml vil gjere, seier Hellestveit.



Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

VL anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter