Taktisk stryk for regjeringa

Høgre og Framstegspartiet i regjering er krampaktig opptekne av å drive igjennom symbolsk politikk og lite opp­tekne av å blidgjere støttepartia i sentrum. 
Det er å spenne bein på seg sjølve.

Som statsminister i ei mindretalsregjering ville eg jobba knallhardt for å sikre meg blide vener. Eg ville gitt venene mine fleire handslag enn nødvendig, for å skaffe meg ei tryggast mogleg plattform å regjere frå. Det motsette ser ut til å vere taktikken til dei blåblå, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Politikk utan taktikk er dømt til å mislukkast. For mindretalsregjeringar er evna til å navigere heilt sentral for å få gjennomført flest mogleg av punkta på den politiske plattforma. Politikken handlar om prioriteringar, og i mange tilfelle handlar det om å søke felles løysingar for å bygge landet vårt på best mogleg vis. Pragmatisme er eit omgrep som dei fleste politiske ideologar blir kjente med etter kvart. Du kan ikkje ri alle kjepphestar på ein gong. I så fall blir du fort liggande attende på slagmarka med brokken rygg.

Utan gangsyn

Difor undrar eg meg over den blåblå regjeringa. Det dannar seg eit tydelegare og tydelegare bilete av ei regjering utan langsiktig perspektiv. Statsminister Erna Solberg og statsrådane hennar er så krampaktig opptekne av å drive igjennom symbolsk politikk at eg mistenker dei for å ha mista gang­synet. Forslaget om søndagsopne ­butikkar er sjølve meisterstykket i den turboliberalistiske katalogen, eit forslag som berre eit fåtal er for. Den einaste grunnen til at regjeringa fremjar denne saka, må vere at dei er fanga av sine eigne politisk prinsipp. Skal det vere fridom, så skal det vere fridom – om dei så skal tre han inn i ei kondomdrakt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS