Svartelistar
neger
USAs første svarte president har laga kvitbok. Men raudhud rører han ikkje.
To presidentar. Og to afroamerikanarar. Ikkje to negrar. USAs president Barack Obama talte på eksamensfesten på Howard University i Washington. Her saman med presidenten på universitetet, Wayne A.I. Frederick.
Snart er det over. Åtte år i Det kvite hus. Som USAs første svarte president. På veg ut har Barack Obama kasta ut to ord frå offentleg, amerikansk terminologi.
Avgjerda om å fjerne «negro» og «oriental», som på norsk kan omsetjast til «neger» og «orientalsk», er ikkje kontroversiell. Først passerte lovforslaget Representantanes hus, så Senatet, før presidenten sjølv kunne signere den nye lova som forbyr bruken av orda i føderale amerikanske lovar.
Heretter skal ein bruke «African American» – og «Asian American». Dette lovvedtaket betyr langt meir enn det bystyret i New York gjorde i 2007. Dei vedtok eit symbolsk forbod mot «nigger».