Ekstrem forvandling for Ap
VALVAKE: Ni månader, eit etterlengta skilsmål og ein heimkommen helt var alt som skulle til for å snu dommedagsprofetiar til øyredøyvande jubel i Arbeidarpartiet.
Det var nesten så dei ikkje heilt turte å tru på det dei var i ferd med å oppleve.
For berre trekvart år sidan var det krig nærmast i opent lende i partiet. Fleire medium meldte at sentrale politikarar i partiet hadde bede Jonas Gahr Støre om å trekkje seg så Ap kunne møte valet med ny leiing. Til Vårt Land sa fleire kjelder internt i partiet den gong at Ap heller fekk tape valet, så ein ny leiar kunne byggje partiet opp att.
Støre vart sittande, og no er det tyst om leiarskapet hans. Mytteri-pratet er stilna – i alle fall frå det offentlege rom.
Bestill abonnement her
KJØP