Politisk gjennomslag til sals
Pengar kan vere makt – også i landet utan politisk reklame på fjernsyn.
Under Arendalsveka var eg til stades på ei uhøgtideleg kåring av Vestlandets ti mektigaste, i regi av eit PR-byrå. Lista var talande.
Riktignok var tre politikarar på topp, men for det meste besto lista av føretaksleiarar og rikingar (og Bent Høie). Dei bemidla herrene er investorar og velgjerarar i sine lokalsamfunn.
Grunngjevinga var både god og riktig: Personane på lista representerer store verdiar, og bidrar til politiske og økonomiske avgjerder av stor betydning for landsdelen. Viktig er det også, ifølge byrået som sto bak kåringa, at dei aktuelle har vist vilje og evne til å bruke makt.
Bestill abonnement her
KJØP