Skatteetaten har betalt tilbake 6,4 millionar
FOR HARDT SKATTA: Skatteetaten har returnert 6,4 millionar kroner til flyktningar som har betalt ein skatt dei ikkje skulle ha betalt – og fleire skal få.
UTBETALAINGAR: Seksjonssjef Lene Marie Ringså i Skatteetaten opplyser at 55 saker er avgjort og til saman 6,4 millionar kroner er refundert.
Erlend Berge
Arne Viste har eitt ord for det som har skjedd – og skjer:
– Skandale.
– Det er ein skandale at dei måtte betale, og det er ein skandale at Skatteetaten ikkje vil finne dei som skal ha pengar tilbake frå staten, seier han til Vårt Land.