Sånne som oss

Alle menneske har potensiale til å utføre vonde handlingar. I saka om IS-kvinnene oppfører me oss som om noko anna er tilfellet.

Zahra er aleine i flyktningleir med seks barn etter at mannen hennes, IS-krigaren, blei drepen. Ser vi i for liten grad på desse kvinnene som våre medborgarar? spør Mail Lene Fløysvik Hæåk.
Publisert Sist oppdatert

«Dei er heldige dei landa som utan vidare kan fråskrive seg ansvaret for eigne borgarar som har utført kriminelle handlingar». Dette tenkte eg då lagnaden til IS-kvinna Shamima Begum blei kjent i vinter. For det er unekteleg eit land med ein sterk posisjon som kan bestemme seg for å ta statsborgarskapet frå ei ung mor på 19. Som statsråd skal ein sjå stort på eiga definisjonsmakt når ein kan bestemme at å vere IS-brud passar betre for ein bangladeshisk statsborgar enn ein britisk. Likevel avgjorde innanriksdepartementet og innanriksministeren i Storbritannia, Sajid Javid, at det var rett å strippe Begum for det britiske statsborgarskapet. Storbritannia var heilt utan ansvar for henne og den nyfødde sonen hennar.

LES MER: Mener IS-barna er vår tids «tyskerbarn»

Dilemma

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS