Psykolog: – Kor lenge skal ein straffast for betalingsproblem?
ØKONOMI: Fleire nordmenn slit med usikra gjeld. Samfunnspsykolog ser alvorleg på kva dette kan bety for sjølvmordsraten, og lurer på om det finst ei moralsk grense.
ENKLARE: Ingvild Stjernen Tisløv er psykologspesialist i samfunnspsykologi. Ho meiner det må bli enklare å få oversikt over kva ein skuldar, samt meir forståeleg informasjon.
Lillian Hjellum
Nordmenn får meir og meir gjeld. Den samla forbruksgjelda passerte i utgangen av september 168 milliardar kroner, noko som er 11,7 milliardar meir enn same tidspunkt i fjor, viser ein rapport frå Finanstilsynet. I 2023 ringde over 51.000 nordmenn til NAV sin telefon for økonomi- og gjeldsrettleiing. Så langt i år har over 50.000 ringt same telefon.
Dette kan vitne om at fleire nordmenn slit med gjeld. Men korleis påverkar dette helsa vår?
Nordmenn vil klare seg sjølv