Prest verna flyktningar - arrestert av politiet
Presten Tobias Herrström prøvde fysisk å hindre politiet å sende ut tre kristne irakiske flyktningar.
70 personar vart taua inn av politiet i Källered då dei sist helg prøvde hindra politiet i å setje i verk utsendinga av tre kristne irakiske flyktningar laurdag.
– Politiet prata ikkje med oss som menneske, seier Herrström til Dagen.
Källered ligg sør for Gøteborg. Laurdag kveld sette ei større gruppe kursen mot Migrasjonsverket sine lokale. Dei ville hindre utsending av tre kristne irakarar. Tre bilar vart plasserte framfor inngangen for å blokkere lokala til Migrasjonsverket.
Bestill abonnement her
KJØP