Politisk vern rundt kyrkjeasyl

På Stortinget er det ikkje fleirtal for Frp-kravet om å fjerne kyrkjeasyl. Ordninga blei etablert av Arbeidarparti-regjeringa i 1993.

Det var dåverande justisminister Grete Faremo (Ap) som i 1993 etablerte ordninga med kyrkjeasyl: ho ba politiet om ikkje å gå inn i kyrkjer og bedehus og hente ut asylantar med endeleg avslag. Her saman med dåverande generalsekretær Trygve Norby i Flyktningerådet under ein debatt om flykningpolitikk i 1993.
Publisert Sist oppdatert

I byrjinga på 1990-talet søkte store grupper med kosovo-albanarar asyl i Norge. Dei hadde reist frå etnisk forfølging i Kosovo, som den gongen var ein del av Serbia – som var i krig med naborepublikkane i det gamle Jugoslavia.

Vinteren 1993 oppheva regjeringa til statsminister Gro Harlem Brundtland (Ap) ein mellombels returstopp av kosovo-albanarar. På dette tidspunktet var det drygt 2.300 personar frå denne regionen i Norge.

12. februar 1993 fekk Norge sitt første kyrkjeasyl i moderne tid. Fjorten kosovo-albanarar søkte vern i Elverhøy kyrkje i Tromsø. Dei nekta å vende tilbake til Kosovo etter avslag på asylsøknadane. Samstundes gjennomførte ei større gruppe kosovo-albanarar ei vekelang sveltestreik i ei kyrkje i Verdal i Nord-Trøndelag.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS