Politikk

Nestleiaren i KrFU ynskjer abortforbod i Noreg

KRFU: Joel Ystebø er inspirert av dei nylege abortinnstrammingane i USA, og håpar på eit generelt abortforbod i Noreg.

– Eg ser føre meg at det ikkje skal vere lovleg med abort i Noreg, med mindre det er enkelte tilfelle med valdtekt, incest eller fare for mors liv.

Det seier avtroppande politisk nestleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), Joel Ystebø til NRK.

Den siste tida har retten til abort vore ei heit sak i USA. Tidlegare denne månaden skapte det sjokkbølgjer då eit lekt dokument antyda at USAs høgsterett kan stemme for å avskaffe retten til abort. Dette kom etter at ei rekkje delstatar i landet har innfør strenge abortlovar.

Eg ser føre meg at det ikkje skal vere lovleg med abort i Noreg, med mindre det er enkelte tilfelle med valdtekt, incest eller fare for mors liv.

—  Joel Ystebø

Seinast onsdag denne veka tredde den til no strengaste abortloven i USA i kraft: eit tilnærma abortforbod i Oklahoma.

Nå håpar Ystebø at den amerikanske debatten vil auke motstanden mot å utvide retten til sjølvbestemt abort også i Noreg. Han ynskjer seg eit generelt forbod.

– Om grensa er i veke seks eller veke null, har litt med den politiske dynamikken å gjera, men prinsipielt meiner eg livet startar ved befruktning, seier han til NRK.

Får ikkje støtte frå KrfU-leiar

Ystebø får ikkje støtte frå leiaren i KrFU, Hadle Rasmus Bjuland.

– Dette er ikkje KrFU sin politikk. Debatten no handlar om abortlova skal utvidast eller ikkje. Det er der KrFU skal bruka kreftene no, seier Bjuland til NRK.

I dag er det sjølvbestemt abort i Noreg fram til veke tolv i svangerskapet, og fram til veke 18 kan ein få utført abort om det blir godkjent av ei nemnd.

Førre veke blei eit forslag frå Venstre om å utvide grensa for sjølvbestemt abort inntil veke 18 nedstemt med eit solid fleirtal i helse- og omsorgskomiteen.

Øvst på prioriteringslista til helseministeren er nemleg ein gjennomgang av dagens lov og ordninga med abortnemnder.

Vårt Land har bede KRF om å kommentere utspela til Ystebø, men dei har føreløpig ikkje hatt kapasitet til å svara.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk