Det er grunn til å spørje om ikkje sentrumspartia sjølv har medverka til forvitring av sentrumskrafta

Det er grunn til å spørje om ikkje partia i «det historiske sentrum», KrF, Sp og V, gjennom å binde seg fast til blokkene over tid sjølv har medverka til forvitring av sentrumskrafta.

Mer blokkavhengig: KrF-leder Kjell Ingolf Ropstad og Venstreleder Trine Skei Grande forsvarer sin egen politikk under partilederdebatten i TV2 tidligere i år. KrF-veteran Svein Helgesen mener de tradisjonelle sentrumspartiene KrF, V og Sp er i ferd med å forvitre sin egen posisjon som politisk og ideologisk lim mellom blokkene. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix

Lokalvalet i september og snittet av nye meiningsmålingar fortel oss at mange veljarar er på vandring. Mens tilliten til dei to største styringspartia er historisk svak, bles det medvind for dei ­partia som opponerer klarast mot dagens politiske seglingskurs. Både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre slit i motbakke og har ein tøff jobb å gjere for å kunne nå målet om trygt styringsfleirtal om to år.

Sentrumsblokka

Når tilliten til dei store styringspartia sviktar, flyktar folk ofte til parti på ytterfløyane. I Norge søkjer stadig fleire i staden hamn hos parti som i alle fall på papiret definerer seg som blokkuavhengige sentrumsparti. Ifølge snittet av dei siste målingane er det no berre marginale skilnader i oppslutning mellom venstrepartia AP+SV, høgre­partia H+FrP og det vi forenkla kan ­omtale som ei «sentrumsblokk» med KrF, MDG, Sp og V.

LES OGSÅ: KrF velger rødt. Men Geirmund Lykke støtes bort av SV etter retningsvalget

Må løfte blikket

Klima­utfordringar, nasjonale perspektivmeldingar og uro rundt internasjonal handel, flyktningkrise også bortetter tilseier behov for fast styring kombinert med ­vilje til taktskifte i politiske verdiar og ­prioriteringar. Vi treng meir ­offensiv klimainnsats, kontinuerleg omstilling og strammare ­offentlege budsjett. Det fordrar klok og berekraftig politisk leiar­skap med handlekraft og mot til å løfte blikket over snevre parti­interesser og evne til å ­lytte og kommunisere for å dempe ­aukande mistillit og polarisering langs konfliktdimensjonar som sentrum/periferi, offentleg/­privat og individ/ felleskap.

Er dagens politiske sam­arbeidskonstruksjonar robuste nok til å møte slike utfordringar? ­Endringane i det politiske landskapet gir grunn for tvil. Dag­bladet etterlyser på leiarplass 9. september initiativ for å balansere og minske ytter­kantane si makt og ­skape rom for å gjen­reise ­sentrum si nøkkelrolle i norsk politikk: «Det er her gode kompromisser rundt konflikt­aksene verdi­skaping, ­miljø og sentrum/periferi har størst ­mulighet for å meisles ut.»

Forvitring av sentrums­krafta

Men er ikkje eigentleg omgrepet «sentrum» utdatert? Det er grunn til å spørje om ikkje partia i «det historiske sentrum» (KrF, Sp og V) gjennom å binde seg fast til blokkene over tid sjølv aktivt har medverka til forvitring av sentrumskrafta. Finst det i dag sterkt nok ideologisk og politisk «lim» som kan halde saman liberale og konservative og blå, røde og ­grøne fraksjonar både i og mellom partia?

LES OGSÅ: Årets valg var ikke et «miljøvalg». Heller ikke var det et «protestvalg». Årets valg var et kokongvalg

Framtidsbilde

Eit politisk landskap med varig svekka oppslutning om Ap og H og større oppslutning om parti i sentrum vil ­utfordre samarbeidsklima, -evne og -vilje i alle parti. I sentrum blir det blant anna ekstra vanskeleg å finne tilbake til tettare samarbeid i ei tid når to av partia opplever sterk medvind og har ei samla oppslutning på rundt 25 prosent, mens dei to andre kjempar desperat for å karre seg over sperregrensa.

Samtidig representerer varig vekst om partia i sentrum ein historisk sjanse til ny dynamikk i norsk politikk, slik vi såg det i 1997. Det vil tappe ytterpartia for politisk makt og flytte ­politikkens tyngdepunkt fleire hakk inn mot midten i det politiske land
skapet.

Noverande samarbeids­konstruksjonar står fast minst fram til 2021. Berre ei ­eventuell politisk krise kan rokke ved det. Men på kammerset har nok alle parti eit blikk lengre fram og ­diskuterer ulike framtidsbilde. Korleis kan dei sikre mest ­mogleg fast og berekraftig politisk styring dersom dagens trendar i det ­politiske landskapet bit seg fast?

«Gamle sentrum» dødt?

Viss veljarane held fram med å ­søkje hamn hos parti i sentrum, sit ­partia sjølv med hovudansvaret for å ­forvalte den auka tilliten. Paradoksalt nok kan svaret resultere i at det «gamle sentrum» i praksis blir erklært som utdatert og dødt. Men det kan også opne nytt rom for eit fornya breitt politisk sentrum i ei meir sentral nøkkelrolle enn på lenge.

Svein Helgesen

Tidligare statssekretær 
for KrF