Plog-kunde opplever seg lurt

– Eg kjenner meg lurt, seier restauranteigar som hyrte inn vikar frå selskapet Plog. Selskapet hans risikerer ei bot på 250.000. Han melde så Plog og Plog-eigar Arne Viste til politiet.

Aktor i saka er politiadvokat Hans Petter Pedersen ­Skurdal (.v.) frå Oslo politidistrikt. Advokat Alexander Schimmelpfennig Nygaard forsvarar ­restauranteigaren.
Publisert Sist oppdatert

I sal 828 i Oslo tinghus sit ein restauranteigar og toar hendene sine. Han hevdar uskuld i saka der restaurantselskapet hans er tiltalt for å ha brukt ein arbeidstakar utan lovleg opphald i Norge. Arbeidstakaren er tilsett i vikarbyrået Plog, og blei leigt ut til restauranten som vaskehjelp i ein periode på ni månader. Men arbeidstakaren har ikkje lovleg opphald i Norge, han er ein såkalla ureturnerbar.

Påtalemakta meiner ei bot på 600.000 kroner er høveleg straff. Snart skal Oslo tingrett felle ein dom.

Hyrt inn som vaskehjelp

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS