Plikt til kjærleik
Kan ein elska av plikt? Er ikkje det ein umogleg tanke?
Vi skuldar å elska kvarandre, seier dagens tekst. Og ein kan lura på kva slags kjærleiksforståing som ligg bakom ein slik påstand. Vi tenkjer ofte på kjærleik som sterke kjensler som bryt fram spontant eller veks fram over tid og inspirerer oss til mangt, frå store heltedådar til romantiske påfunn.
Men ein slik kjærleik er vanskeleg å få til å gå i hop med forplikting og bod. «Du skal elska nesten din som deg sjølv», formanar Paulus, og han har det frå Jesus sjølv. Det er det største bodet i lova, jamsides det å elska Herren Gud!
Den kjærleiken Paulus talar om, er ikkje først og fremst eit fenomen i psyke og kjensleliv, endå det hjelper om hugen er med. Kjærleiken er praktisk. Det handlar om å gjera det gode. Ja, Paulus strekkjer det jamvel til det passive: «Kjærleiken gjer ikkje noko vondt mot nesten».