Pistol er ikkje det kraftigaste
Tillit er ikke blomekrans-i-håret-filosofi, men eit rasjonelt fundament for eit moderne samfunn.
– Det handlar ikkje om å avverja eit ran eller stoppa ein familiedrapsmann. Det er sterkt motiverte terroristar som skal hindrast med eit ladd tenestevåpen på hofta, skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen.
Vegard Wivestad Grøtt/NTB scanpix
Viss eg var terrorist og ville skada bygda eg vaks opp i, ville eg kanskje vurdert eit sjølvmordsangrep på handelslaget.Påskeaftan føremiddag er butikken på kaien alltid stappfull av kunder. For ei radikalisert kristen med terrorplanar ville det vore ein passande dag for eit oppgjer med dei ugudelege: Folk hamstrar egg, kremfløyte og lammelår i staden for å fasta og be.
Det enklaste er pistol. Enkelt å få tak i, enkelt å gøyma og enkelt å treffa folk med på nært hald. Enormt mykje meir skade og død kunne ein forårsaka med ein handgranat, ei bombe eller ein av dei mange MP5-maskinpistolane som er forsvunne frå Heimevernet. Alt får plass under ei vid jakke, eller i ei stor handleveske.
LES OGSÅ: Anundsen angrer ikke på videoen