Pastoren skildrar det som «ein av dei mørkaste augneblinkane» i Vestbreidda si historie

VESTBREIDDA: Israelsk militære vil trappe opp operasjonar på den okkuperte Vestbreidda, og har sendt stridsvogner til området for fyrste gong på over 20 år. – Kyrkjene gjer alt for å hjelpe folk, seier lokal pastor.

jesus
SOLIDARITET: I desember 2023 skreiv Vårt Land om pastoren som avlyste den store julefeiringa i kyrkja i Betlehem i solidaritet med palestinarane i Gaza. Pastor Munther Isaac laga då ein solidaritetsinstallasjon i kyrkja, der Jesusbarnet blir fødd i ruinar.
Publisert Sist oppdatert

– Me ser kva som skjer i Gaza, og spør oss sjølve «vil det bli vår skjebne også»? seier Munther Isaac, pastor i Evangelical Lutheran Christmas Church i Betlehem, til Vatican News.

For fyrste gong på over 20 år har israelske stridsvogner entra den okkuperte Vestbreidda. Ikkje sidan slutten av den andre intifadaen i 2005 har dette skjedd, ifølgje nyhendebyrået AFP.

Over 40.000 palestinarar er no drivne på flukt frå flyktningleirane i Jenin, Tulkarem og Nur a-Shams.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS