Partileiaren i KrFs søsterparti gjekk på dagen - avis ber partiet «lukke og sløkke»

KRISTENDEMOKRATERNE: Isabella Arendt var KD-leiaren som nesten tok danske KrF tilbake til Folketinget. No har ho gått av og meldt seg ut av partiet. Avis ber KD leggje ned.

ISA
SJOKKAVGANG: Isabella Arendt gjekk av på dagen som leiar i Kristendemokraterne i Danmark. Ho melde seg også ut av partiet.
Publisert Sist oppdatert

«Vikaren frå himmelen» blei Isabella Arendt kalla i valkampen i 2019. Tre år seinare gjekk ho på dagen som partileiar og melde seg ut av Kristendemokraterne, KrFs danske søsterparti. KD blei skipa i 1970 med KrF som førebilete.

17. mai sende Arendt ut ei melding til nyhendebyrået Ritzau og forklarte kvifor hennar leiartid var over:

– Eg brenn for å gjere Danmark grønare, friare og meir nestekjærleg. Eg opplever at eg ikkje lenger har støtte, og tek konsekvensen av det, og har difor treft denne avgjerda.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS