Par krev surrogatmor ut frå krigsherja Ukraina
KRIG I UKRAINA: Russlands invasjon rystar surrogati-industrien. Gravide gøymer seg, byrå lukkar og rømer, par blir foreldre medan bombene fell. Andre vil hente ut surrogatmor for å sikre barnet.
SURROGATMOR: Israelske Sarit og Alex Haiman snakkar med ukrainske Olga Voytenko via video. Surrogatmora ber fram barnet til paret, som no er svært urolege for kva som kan skje med henne under krigen i Ukraina.
NIR ELIAS
Sarit og Alex Haiman sit på kjøkkenet heime i den israelske byen Hadera og snakkar med Olga Voytenko via pc-en. Ho bur sør i Ukraina, i den nettopp bomba atomkraftverkbyen Zaporizhzhia.
Olga Voytenko er gravid. Med barnet til Haimans.
Difor er paret svært urolege, og villige til å gjere kva som helst for å verne henne mot krigen som rasar aust i Europa.
Bestill abonnement her
KJØP