Normisjon avventar bruk av Plog - bilkonsern vil «opptre i tråd med lovverket»

Kristelege verksemder som hyrer inn vikarar frå Arne Vistes vikarfirma Plog, stoppar ikkje innleiga som følgje av dommen. Bilkonsern seier dei skal «opptre i tråd med lovverket».

Då straffesaka mot Arne Viste og Plog starta i Oslo tingrett i september, samla mange papirlause og ureturnerbare seg utanfor Oslo tinghus for å vise støtte og sympati med Viste.
Publisert Sist oppdatert

Plog har om lag 70 vikarar i systemet i dag, opplyste Arne Viste under straffesaka i Oslo tingrett. Kva som skjer med dei no, ønskjer han ikkje å gå i detalj om.

Advokat Christian Reusch, Vistes forsvarar, vil ikkje fortelje om han har gjeve Plog-eigaren råd om å innstille drifta i vikarbyrået som ein følgje av tingrettsdommen.

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere, seier Reusch. Innan 1. november må Viste avgjere om han ankar dommen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS