Når overgriparane seier nei til tilgjeving
FOLKEMORD: Overgriparane vil ikkje bli tilgjevne. Då må dei vedgå skuld. Verda får ny minnedag for folkemord.
MASSAKRE: Sefika Mustafic kyssar gravsteinen til sonen som ligg gravlagt på minnegravlunden i Potocari i Bosnia-Hercegovina. Sonen er ein av dei 8.372 gutane og mennene som blei massakrerte i Srebrenica i juli 1995. Framleis er fleire sakna.
Armin Durgut/AP
Srebrenica.
Sefika Mustafic kyssar gravsteinen. Han står på grava til sonen som blei offer for eit folkemord.
Sefika Mustafic kjem til minneparken så ofte ho kan. Her ligg sonen saman med 8.371 andre gutar og menn.