Meiner pappaperm-lov ikkje er ferdig utvikla

6.000 fedrar får ikkje permisjon fordi mor ikkje har vore i løna arbeid under svangerskapet. – Regelen støttar opp under gamle kjønnsroller, seier foreldreorganisasjon.

Det kostar 800 millionar dersom pappapermisjonen skal baserast på far si løn. Civita meiner det er pengar som trengs til andre velferdstiltak.
Publisert Sist oppdatert

– Begge foreldre har rett til permisjon fordi det er til barna og foreldra sitt beste. Men det blir ein tom rett viss det ikkje er økonomi til å ta ut denne retten, seier John Michal Sørensen i Foreningen 2 foreldre.

1. juli vart nye reglar for foreldrepengar gjeldande, og Sørensen er misnøgd med at det framleis er inntekta til mor som avgjer kva permisjon far kan ha. Dersom mor har vore student eller ikkje har vore i løna arbeid under svangerskapet, vil ikkje far få løna permisjon.

For dei fleste i denne situasjonen betyr det at far ikkje kan ta ut permisjon, men heller må arbeide.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS