LO-topp krev at regjeringa må la papirlause få rett til å jobbe
Asylsøkjarar og papirlause må få lov til å arbeide sjølv om dei ikkje har lovleg opphald i Norge, krev Sara Bell, leiar i Fagforbundet Bergen.
I februar 2011 gjekk ei gruppe etiopiarar, som var ureturnerbare, inn i Oslo domkyrkje i protest mot nullinga av D-nummer. Med D-nummer hadde dei kunna arbeide lovleg i Norge.
Linn Cathrin Olsen
– Dei bør få arbeidsløyve når dei har vore i landet i fem år, seier Sara Bell til Vårt land, og legg til:
– Ved å gje denne gruppa rett til å arbeide lovleg - og betale skatt, vernar me folk frå å ende opp som grovt utbytta arbeidstakarar som nesten ikkje får løn, og frå å bli rekruttert til organisert kriminalitet.
Bell meiner Norge som nasjon ikkje kan tolerere at menneske skal bli utnytta på det grovaste, berre for å oppretthalde ein streng asyl- og flyktningpolitikk.
Bestill abonnement her
KJØP