Krisetelefonar får statsstøtte – men må framleis kutta
PSYKISK HELSE: Mental Helse og Kirkens SOS er sikra pengar til krisetelefon. Det stoggar ikkje nedbemanning i Mental Helse. Begge organisasjonane seier dei no leiter etter ekstern finansiering.
URO: Det blir tøffare å driva krisetelefon i tida framover, seier Linda Berg-Heggelund i Mental Helse og Lasse Heimdal i Kirkens SOS.(Foto: Mental Helse og Erlend Berge/Vårt Land)
Sist veke meldte Vårt Land at Mental Helse og Kirkens SOS driftar landets største krisetelefonar utan å vita om dei får statsstøtte for i år.
Som mange andre organisasjonar har dei blitt nulla på statsbudsjettet, og må heller søka om støtte.
Denne veka kom fasiten frå Helsedirektoratet: Mental Helse og Kirkens SOS får 27 millionar kroner kvar for 2023. I tillegg får Mental Helse Ungdom 2,5 millionar kroner. Seks andre organisasjonar får også støtte.