Mental Helse og Kirkens SOS driv dei største krisetelefonane i landet. No driftar dei sin tredje månad utan å vita om dei får statsstøtte for i år.
– Dette er svært uføreseieleg og får store konsekvensar for oss. Me har varsla nedbemanning til våre tilsette, skriv generalsekretær Linda Berg-Heggelund i Mental Helse i ein e-post til Vårt Land.
– No drifter me hjelpetelefonane på oppsparte midlar. Nytilsettingar, planar og initiativ har blitt sett på vent, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Kirkens SOS.
I fjor fekk dei to organisasjonane rundt 55 millionar kroner over statsbudsjettet for å driva hjelpetelefon og chat-tenester. I år er det enno usikkert om dei får statsstøtte, og i så fall, kor mykje.
Me veit at det er på natta dei tyngste samtalane skjer, både på telefon og chat. Då reddar me liv.
— Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental Helse
Mental Helse vurderer å kutta opningstid
Til no i år har Mental Helse og Kirkens SOS blitt kontakta over 120.000 gonger av folk som treng hjelp. Kontakten kjem via telefon, chat og meldingar.
Den usikre økonomiske situasjonen gjer at dei vurderer å kutta i tilbodet.
– Me må no vurdera opningstidene på alle våre tenester. Det er ikkje sikkert at me klarer å halda ope døgnet rundt lenger, skriv generalsekretær Linda Berg-Heggelund i Mental Helse.
Ho understrekar at det er alvorleg for brukarane:
– Me veit at det er på natta dei tyngste samtalane skjer, både på telefon og chat. Då reddar me liv.
Lasse Heimdal seier Kirkens SOS prøver å unngå at at brukarane blir råka.
– Men det er berre eit tidsspørsmål før me må begynna å kutta i tenestene, seier han.
Me skal jo hjelpa folk som er i krise. Då bør me unngå at det er krisestemning blant oss tilsette og frivillige.
— Lasse Heimdal, Kirkens SOS
Har nesten 100 årsverk totalt
Kirkens SOS har 47 årsverk fordelt på 60 tilsette, og rundt 1100 frivillige. Mental Helse har rundt 40 årsverk totalt på hjelpetelefonar og chat-tenesta sidetmedord.no.
Heimdal i Kirkens SOS seier situasjonen krev mykje tid.
– Eg kan ikkje betala tilsette med luft og kjærleik eller seia at dei skal få løna i himmelen. No brukar eg ein del tid på å roa ned tilsette og hindra kompetanseflukt. Det er dumt å måtte bruka tid på det i staden for å hjelpa folk i naud.
Han legg til:
– Me skal jo hjelpa folk som er i krise. Då bør me unngå at det er krisestemning blant oss tilsette og frivillige i Kirkens SOS.
[ Noreg tause om asyl til afghanske kvinner ]
Frå øyremerking til støtteordning
Regjeringa har endra støtteordninga for krisetelefonane. I fjor fekk 5 organisasjonar til saman 61 millionar kroner øyremerkt over statsbudsjettet. Mental Helse og Kirkens SOS var dei største mottakarane, dei fekk rundt 27 millionar kvar.
I år får ikkje Mental Helse og Kirkens SOS øyremerkte midlar. Dei må heller søka om ein fellespott på 72 millionar kroner. Potten blir formidla av Helsedirektoratet, som har fått inn 62 søknader frå 56 organisasjonar.
– Det betyr jo at det er nokon som ikkje kjem til å bli prioritert. Me fryktar konsekvensane av den omlegginga som regjeringa og Stortinget har gjort, skriv generalsekretær Linda Berg-Heggelund i Mental Helse.
Lasse Heimdal i Kirkens SOS seier at omlegginga dels kjem av at regjeringa ønsker meir fagleg koordinering og samarbeid.
– Det støttar eg. Men, det burde skjedd i dialog med oss, og det burde ikkje skje over natta. Å tvinga hjelpetenestene ned i kne økonomisk er ei veldig dårleg løysing, seier Heimdal.
Omlegginga skjer etter ein større ryddejobb regjeringa gjer blant ideelle organisasjonar i statsbudsjettet. Vårt Land omtala dette i fjor haust.
Kjerkol (Ap) må svara i Stortinget
Onsdag må helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) svara i Stortinget. Ho blir utfordra av Frp-representant Bård Hoksrud i spørretimen.
Han vil vita om Kjerkol meiner dette er godt nok, når Mental Helse og Kirkens SOS enno ikkje veit om dei får statsstøtte for i år.
– Dette er hjelpetenester som er viktige for mange. Det er veldig alvorleg at dette ikkje er på plass, seier Hoksrud til Vårt Land.
[ Kommentar: Kjersti Stenseng er ein kaptein som ikkje hoppar frå skuta i ruskevêr ]
Departementet vil ha likebehandling
– Eg forstår at Kirkens SOS ønsker eit snarleg svar og at dei er opptekne av å gje eit godt tilbod til brukaren, skriv statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet i ein e-post til Vårt Land.
Statssekretæren viser til at regjeringa vil vekk frå ei ordning kor mange enkeltmottakarar får øyremerka tilskot. Derfor har pengane blitt flytta inn i tilskotsordningar som det kan søkast på.
– Det må vera kvaliteten på tilbodet som avgjer kor mykje midlar ein får. Det vil også gi større likebehandling.
[ Hellig by synker – kalles «en tidsinnstilt bombe» ]
Direktoratet lover snart svar
Helsedirektoratet forvaltar støtteordninga til telefon- og chat-tenester innan psykisk helse, rus og vald.
Direktoratet opplyser til Vårt Land at søknadane no er gjennomgått og at organisasjonane sannsynlegvis vil få svar i løpet av denne veka.
Planen var å senda ut svar 1. mars, men prosessen vart forseinka av mangelfull informasjon i enkelte søknadar, ifølge direktoratet.
Vårt Land har fått tilsendt lista på dei 56 søkarane frå Helsedirektoratet. Dei har til saman sendt inn 62 søknader.
Mellom desse er fleire små stiftingar, norske kommunar og Oslo-bydelar.
---
Desse 56 organisasjonane har søkt om støtte til krisetelefon- og chat:
- ADHD Norge
- A-larm bruker og pårørende organisasjon for åpenhet om rus og behandling
- Alternativ møteplass i Gamle Oslo
- Autismeforeningen i Norge
- Beatus Cras
- Bipolarforeningen Norge
- Blå Kors Kristiansand
- Caritas Norge
- Danielsen Johansen webtjenester
- Deborah Borgens Stiftelse
- Fontenehuset Oslo Øst
- Foreningen 20 prosent
- Foreningen vi som har et barn for lite
- Gjøvik kommune
- Helseutvalget
- Hjelpekilden Vest
- Ivareta, pårørende berørt av rus
- Kirkens SOS
- Kurdish Women Rights
- Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse Oslo
- Lillehammer brukerstyrt senter
- Lillesand ressurssenter
- Lillestrøm kommune oppvekst
- Link Bergen og omegn
- Mannsforum
- Mental Helse
- Mental Helse Ungdom
- Norges Røde Kors
- Norsk OCD og angstforening
- Norsk tourette forening
- Norske kvinners sanitetsforening
- Opplysning om kosthold og matfrihet
- Organisasjonen ATROP støtte & Ettervernsenter
- Oslo kommune bydel 2 Grünerløkka
- Oslo kommune bydel 5 Frogner
- Oslo kommune Helseetaten
- Oslo Krisesenter og kompetansesenter for vold i nære relasjoner
- Rådgivning om spiseforstyrrelser
- Skeiv Ungdom
- Spillavhengighet Norge
- Spiseforstyrrelsesforeningen
- Stiftelsen Amathea
- Stiftelsen angstringen i Norge
- Stiftelsen Diakonissehuset Lovisenberg
- Stiftelsen Institutt for Spiseforstyrrelser
- Stiftelsen Kirkens Bymisjon Rogaland
- Stiftelsen Kirkens Bymisjon Vestfold
- Stiftelsen pårørendesenteret
- Stiftelsen Retretten
- Stiftelsen SMISO Nordland
- Stiftelsen Tryggere
- Stord kommune
- The human aspect
- Veien tilbake
- Vennesla Frivilligsentral
- Wildheart Movement Kristine Tjensvoll
---