Kriser og full harmoni
Livet er eit eventyr, og der borte er eit hol i bakken.
Skodespelar Sonia Rodriguez spelar Alice i Eventyrland på ei oppsetting i Ontario i Canada. — Skal ein ha klare svar og meiningar, er ikkje Alice i Eventyrland den rette boka, skriv Laura
Djupvik.
Vi ligg på ei badestrand sør i Europa. Bølgene skyl over sand og tær. Stadig må vi flytte oss lenger mot land, for sjøen som stig. Huff, problema er så minimale akkurat no, ei stund får eg heimlengt.
Ein kunne ha kalla det eit eventyr. Berre at eventyr er sjeldan harmoniske. Tenk berre på Alice i Eventyrland. For 150 år sidan ramla ho ned i kaninholet, og sidan har ho halde fram med å ramle ned kvar gong nokon opnar boka, og det skjer stadig. Som no, på ei strand.
Djupdykk i eventyrland
Bestill abonnement her
KJØP