Kraftig vekst i sosialhjelp, ukrainarar får ikkje jobb
VELFERDSSTATEN: Ukrainske flyktningar kjem seg ikkje ut i arbeid. Mange må be om økonomisk naudhjelp for å få mat på bordet.
FLYKTNINGAR: Siste veke feira ukrainarar i Oslo Ukrainas nasjonaldag med barnetog frå Stortinget til Slottet. Sidan Russland invaderte Ukraina har det kome 56.000 ukrainske flyktningar til Norge.
Erlend Berge
Etter år med nedgang, skaut utgiftene til sosialhjelp i vêret i fjor. Opp 700 millionar kroner samanlikna med 2021. Den kraftige auken har ei forklaring.
– Me ser at fleire av dei ukrainske flyktningane som no er ferdige med introduksjonsprogrammet ikkje kjem seg i arbeid. Dermed må dei over på sosialhjelp, fortel Hans Petter Nergård, leiar i Nav Trysil, til Vårt Land.
«Har kort tid på seg»