Klima

Poenget er ikkje om vindkraft er stygt eller ikkje

Bjørn Bore kan selje bustaden sin i Oslo og flytte kvar han vil. På Haramsøya vil eigedomsverdien gå til bunns når vindturbinane kjem.

Marcus Johannessen

Medlem i Motvind Norge

Gode Bjørn Kristoffer Bore, ved eit tilfelle las eg sist sundag nokre avsnitt i bankmann og Venstre-politikar Ola Skjåk Bræk si memoarbok Hva brast så høyt? I går, måndag, las eg kommentaren din «En vind av forandring». Tilfellet er at desse to tekstane på eit underleg vis talar til kvarandre.

Eg er glad for at du skriv om og anerkjenner mange av dei problematiske sidene ved den omfattande vindkraftutbygginga som pågår i Norge nett no. Likevel kjenner eg meg forplikta til å gå i rette med deg på nokre punkt.

Kulturlandskap?

Eg har ein steingard her heime som skulle ha vore vølt. Du er hjarteleg velkomen til å kome og gje meg ei hand. For det var det formødrene og forfedrane våre brukte. Hender og føter, så sveitten dreiv og ryggane verkte. Ikkje for å øydelegge, men for å bygge eit livsgrunnlag for borna sine.

Utbygging av vindkraft er noko anna. Det er industriutbygging driven av internasjonale kapitalinteresser. Og rundt om i Noreg sit folk og gret sine modige tårer over å ha mista natur og landskap som dei har knytt si historie, sine liv og sin identitet til. Eg synest vi skal lytte til opplevingane deira.

Er vindkraft stygt?

Utbygging av vindkraftverk medfører enorme arealinngrep i form av bygging av veganlegg og oppstillingsplassar for turbinane, noko som resulterer i tapte leveområde for planter og dyr og i tapt næringsareal for beitenæring og turistnæring.

Vidare genererer turbinane sterk støy, dei kastar is, dei trugar fuglelivet, dei gir utslepp av store mengder giftig mikro-epoxy og dei medfører risiko for ureining av grunnvatnet.

Vi treng slett ikkje å bruke tid på diskutere kor vidt vindkraft er stygt eller ikkje, for den verkelege sprengkrafta i vindkraftsaka ligg i at staten har stilt mangelfulle krav og ført mangelfullt tilsyn med alt dette.

LES OGSÅ: Prester til kamp mot vindturbiner

Må vi tole vindkraft?

Du skriv at du som bebuar i Oslo lever godt med trafikk og infrastruktur som du har rundt deg, og at det no er innbyggarar i mindre utbygde strøk sin tur til å ta sin del av belastninga.

Vel, dersom du ein dag får nok av trafikkstøyen, er sjansen god for at du kan selje bustaden din (om du eig ein) til marknadspris og flytte i nærleiken av dit du ynskjer, sidan bustadprisane i Oslo-området er relativt høge.

Når vindturbinane på til dømes Haramsøya er komne i drift, vil eigedomsverdiane til dei som bur på øya truleg ha vorte reduserte ein stad mellom 40 og 60 prosent. Kven skal dei som bur der selje husa sine til og kvar skal dei flytte?

Er vindkraft berekraftig?

Vind er ein fornybar ressurs, men arealinngrepa som vindkraften medfører er irreversible. Det er mykje anna vi kan gjere for naturen før vi prøvar å gjete vinden. Til slutt gir eg ordet til Ola Skjåk Bræk:

«De verdier som ligger i vår natur kan ikke bygges. Vi kan ikke investere oss til dem. De blir mer verdifulle for hvert år som går, for intet sted i verden finner du maken. Fortsetter vår velstand å øke, vil nettopp disse verdier bli mer og mer etterspurt. Men de kan ikke forøkes. De kan bare spares. For hvor lang tid vil du spare? For en generasjon? For ti generasjoner, for 100 generasjoner? Eller for alltid? Spørsmålene kan ikke besvares verken politisk eller økonomisk. Kommende generasjoner må selv ha en valgrett og en ressurs å bruke. Vi har ikke rett til å ta denne fremtid fra dem.»

LES MEIR:

Brukte vindmølleblad blir søppeltrøbbel

Vårt Land mener: «Vindkraft trengs i energimiksen, men må reguleres bedre»

Lars Gilberg: «Vi er skapt til å være i naturen. Kanskje finner vi fortsatt spor av noe gudegitt»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima