Klima

Vindkraft kan skapa søppeltrøbbel

Vindturbinane gjev grøn energi, men blada skapar hovudbry for søppelbransjen. NVE anslår at me i framtida må handtera 60.000 tonn utrangerte turbinblad. I dag blir dei oftast gravd ned i bakken.

Det er eit majestetisk syn, når ei 70 meter lang turbinvinge blir transportert langs svingete vegar på Vestlandet. Vinga skal opp til Guleslettene vindpark like ved Florø. Den blir del av ein vindpark som ifølgje utbyggaren Zephyr kan forsyna over 43.000 einebustadar med straum i året.

Men sjølv om turbinane skal produsera grøn energi, skapar­ nettopp desse blada utfordringar for søppelhandtering i Noreg.

Vinturbinblad er laga av kompositt, som regel ei blanding av plast og glasfiber ­eller karbonfiber. Det gjer blada lette og sterke, men også svært vanskelege å resirkulera, fortel Mehdi G. Mousavi, professor og ekspert på kompositt.

– Plasten blir som regel herda­ i produksjonsprosessen, noko som gjer den vanskeleg å gjenvinna. Å gjenvinna turbinblad er litt som å prøva å få eit brød til å gå tilbake til å vera mjøl, seier Mousavi.

Derfor ender me ofte opp med å grava vindmølleblada ned i bakken, i deponi rundt om i landet.

Hamnar under jorda

Vårt Land har kartlagd kva som har skjedd med pensjonerte vindturbinar i Noreg. Til no har 31 turbinar blitt demontert. Blada frå dei fleste har enda opp under jorda, i ulike deponi rundt om i landet.

 

Frå vindparken på Hundhamarfjellet i Trøndelag er 15 vindturbinar blitt demontert, opplyser utbyggar NTE. Størstedelen av blada ligg no i lokale­ ­deponi, medan rundt 20 prosent er brent opp, ifølgje avfallsselskapet Containerservice Ottersøy.

Fem turbinar frå Mehuken i Vestland er seld vidare til eit selskap som skal bruka dei i Nederland, opplyser Zephyr på nettsidene sine.

I Vikna i Trøndelag har fem vindturbinar blitt demontert og lagt i deponi, ifølgje NTE.

I Valsneset i Trøndelag er ein turbin blitt demontert og deponert lokalt, opplyser Decom AS.

Fem vindturbinar på Lindesnes er tekne ned og deponert lokalt.

Vindparkane har ei levetid på 25 til 30 år. Etter det skal turbinane takast ned og områda skal setjast tilbake i sin opphavlege stand.

NVE: Toppen kjem i 2035

I Noreg er det i dag rundt 850 vindturbinar. Noregs vassdrags- og energi-direktorat (NVE) anslår at ­talet kjem til å vera i underkant av 1.500 innan 2021. Kvar turbin har tre turbinblad som i snitt veg rundt 15 tonn.

Vårt Land har bede overingeniør Thomas Mo Willig i NVE laga eit overslag på mengda pensjonerte turbinblad som Noreg må handtera i framtida. Prognosen er konservativ, basert på tal på turbinar som NVE er ganske sikre­ på blir oppført innan 2021. Talet kan altså auka i framtida når fleire vindkraftverk blir bygd ut.

– Eit kvalifisert overslag er at me kjem til å ha i underkant av 60.000 tonn turbinblad igjen etter vindkraftutbygginga. Den store toppen kjem rundt 2035, når ein stor del av vindkraftverka­ blir pensjonerte, seier Thomas Mo Willig og legg til:

– Ein har dermed 15 til 20 år på seg til å finna betre alternativ til å grava ned desse turbinblada.

Deponia er fulle

For to år ­sidan fekk avfallsselskapet Lindum oppdraget med å handtera blada frå fem vindturbinar på Lindesnes. Blada vart kutta opp i mindre bitar og lagt i eit deponi i Lillesand, opplyser Pål Smits, direktør i selskapet.

Etter planen skal blada bli ­liggande der.

– Me manglar ei god løysing for å handtera dette avfallet, ­seier Smits.

Han seier NVE sitt anslag på 60.000 tonn utrangerte turbinblad vil skapa store utfordringar for norsk avfallsindustri.

– 60.000 tonn oppkverna vindmølleturbinar tilsvarer opp mot 10.000 lastebillass. Blir dei ikkje kverna opp, men delt opp, blir det mange fleire lass.

Til no er flesteparten av dei pensjonerte turbinblada i Noreg blitt gravne ned lokalt. Smits er klar på at det ikkje er ei løysing for framtida.

– Blada tek veldig stor plass. I Noreg byrjar deponia å bli fulle, og den vesle kapasiteten som er igjen, bør ein bruka til noko heilt anna. Dessutan er det betre for miljøet og ressursbruken at me gjenvinner desse turbinblada.

 

Mengden­ avfall som blir depo­nert i Noreg har auka frå 1,4 millionar tonn i 2012 til 2,4 millionar tonn i 2018, ifølgje Miljø­direktorat. Talet på deponi har gått ned, frå rundt 330 deponi i 1992 til rundt 125 deponi i dag.

Noreg kan heller ikkje kjøpa seg ut av problemet ved å ­eksportera avfallet til utlandet for så å deponera det der.

– Det er ikkje lov å eksportera avfall frå Noreg for å legga i ­deponi i andre land. Avfallet som blir eksportert, må gjenvinnast eller behandlast. Det er strenge reglar rundt dette, seier Smits i avfallsselskapet Lindum.

– Kan dette legge grunnlag for ulovleg eksport av turbinavfall, slik me har sett skjer med ­el-avfall?

– Det trur eg ikkje. Eg ser ikkje potensiale for kriminelle bander på dette feltet. Det krev mykje å demontera og dela opp desse turbinblada, og dei veg ganske mykje.

Ser på løysingar.

Pål Smits meiner løysinga er å finna ein måte å gjenvinna turbinblada på.

– Me har eit testprosjekt der me kverner opp kompositt for å laga turbenkar som kan stå utandørs. Me er på eit veldig ­tidleg stadie. Men eg er sikker på me finn ei løysing i god tid før 2035. Dette er noko EU ­jobbar mykje med.

 

Vindturbinblada kan også brukast i sementproduksjon. Containerservice Ottersøy ­investerer no 6-7 millionar ­kroner i ei 35 tonns kvern som kan mala opp kompositt frå mellom anna turbinblada.

– Då slepp me å grava ned desse blada, slik me har gjort til no. Me kan mala dei opp til fiber som kan brennast for produksjon av sement, seier Tom Richard Hamland, dagleg leiar i Containerservice Ottersøy.

Dette er nybrottsarbeid, og Hamland seier han har kontakta norske sementselskap som er interesserte i dette pro-duktet.

LES MEIR: Vindturbinane møter stor motstand. Her er fire grunnar til det.

---

Fakta:

  • Store delar av ei vindturbin kan resirkulerast. Men sjølve vindturbinblada er av kompositt, som er vanskeleg å handtera for avfallsbransjen.
  • På spørsmål frå Vårt Land anslår NVE at me kjem til å ha i underkant av 60.000 tonn turbinblad igjen etter vindkraftutbygginga. Dette er eit konservativt anslag.
  • Til no er 31 vindturbinar demontert i Noreg. Fleste-parten av desse er gravne ned i deponi i Noreg.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima