Kjem seg ikkje ut frå Gaza
PALESTINAPOLITIKK: Ni palestinarar har fått ja på søknaden om å få kome til familie i Norge. Men dei får ikkje hjelp til å kome seg ut av Gaza.
FAMILIEINNVANDRING: Seks kvinner fekk lov til å reise frå Gaza til Canada, via Egypt, for dei hadde canadiske pass. I Gaza ventar no fleire på å få kome til Norge gjennom ordninga med familieinnvandring.
Amr Nabil
Justisminister Emilie Mehl (Sp) forklarar kvifor:
«Dersom norske myndigheter henter personer ut av Gaza som vi ikke kjenner identiteten til, er det vanskelig å garantere at de det gjelder kan reise videre til Norge innen 72 timar. Vi risikerer da at personer må returneres til Gaza, eller etterlates i Egypt uten lovlig opphold der», skriv ho i eit brev til Stortingets kommunalkomité.
Mehl minner også om at dei som har fått innvilga ein søknad om familieinnvandring etter dei mellombelse reglane «ikke kan forvente å få bistand fra norske myndigheter til assistert utreise fra Gaza».