Kaptein Eli tilhøyrer jødisk minoritet
VM-KVALIFISERING: Når Norge spelar mot Israel tysdag, møter dei eit landslag som blir leia av ein spelar av det uvanlege slaget. Eli Dasa heiter han
MINORITET: Israels Eli Dasa er den første landslagskapteinen med etiopisk-jødisk bakgrunn.
Darko Vojinovic
I Norge lyder boikottropa, men både Fotballforbundet, Uefa og Fifa er samde: Norge skal spele VM-kvalifiseringskampane mot Israel.
Tysdag spelar Israel VM-kvalifiseringskamp mot Norge på nøytral grunn – i Debrecen i Ungarn.
Før kampen har fleire norske spelarar kome med fråsegner om stoda i Gaza, som blir råka av nye israelske åtak.