Ja til meir åtgaum!

La nynorsken vere meir enn eit pyntespråk.

Ivar Aasen-tunet i Ørsta ligg der nynorskbastionen vaks opp. Hovudbygninga (på biletet) vart sett opp i 2000 og inneheld kafé, butikk, ymse utstillingar og ein sal.
Publisert Sist oppdatert

Då eg annonserte at eg skulle skrive litt om Dei nynorske festspela, fekk eg tomme blikk tilbake. Festspel? Kva, er det i Oslo?

Så, for dei uinnvigde: Dei nynorske festspela vert arrangert kvart år, på Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Faste ingrediensar er blomar ved bautaen på tunet, konsertar, samtalar, skrivekonkurranse for ungdomar, «målbar» på folkehøgskulen til dei seine nattetimar, og ein eller fleire festspeldiktarar. Årets diktar er Gunnhild Øyehaug, og årets festspel byrjar torsdag 25. juni. Då er det naturleg å ta på nynorskbrillene.

LES OGSÅ: Vi som hata storbyen

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS